Engasjement for fagperson psykisk helse
Blåklokker - Foto Herøy kommune
Vi har vi fra 01.03. 2019 og ut året, ledig 100 % midlertidig stilling, med moglegheit for fast tilsetting .Vi søkjer fagperson, helst sjukepleiar, med videreutdanning i psykisk helsearbeid. Stillinga ligg til seksjon Psykisk helse og Rus, under Barn-, Familie- og Helseavdelinga. Du vil jobbe i eit tverrfaglig sammensatt- team, med arbeidsområde knytt til individuell oppfølging, aktivitetsretta tiltak, og gruppetilbud til menneske, primært i aldersgruppa 18-67 år, med utfordringa knytt til psykisk helse og rus. Vi har kommunepsykolog i tenesta og vi tilbyr fagleg rettleiing.
Kvalifikasjonskrav:
- Sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid .
- Andre med relevant 3-årig høgskuleutdanning , med vidareutdanning i psykisk helsearbeid .
- Det er ynskjeleg med relevant yrkeserfaring .
- Må ha førarkort og pårekna og måtte disponere eigen bil i tenesta.
Seksjon Psykisk Helse og Rus er frå 01.01.2019 samla i ein seksjon, og skal frå ca. 01.03-19 vere sam lokaliserte i Helsesenteret i kommunen , saman med Helsestasjon, Legetenesta, Barnevern, PPT, Kommunepsykolog , Kommuneoverlege og Eining for rehabilitering .
Kommunal sektor er i ei rivande utvikling og det vert stilt stadig nye krav til oss. Du må difor vere budd på endringar i organisering og arbeidsoppgåver .Seksjonen er midt i ei spanande omorganisering , der du i stor grad vil kunne ha påverknad i utforminga av tenesta for framtida.
I Herøy kommune er det viktig for oss å vise respekt, ha tillit og fremje samhandling. Kjerneverdiane skal hjelpe oss til å nå visjonen vår, <<Herøy, ei båtlengd føre>>.
Vi treng ein fagperson som har gode eigenskapar med omsyn til :
- Tverrfagleg samarbeid
- Relasjonsarbeid
- Open for fagleg utvikling
- Kreativ og løysningsorientert
- Likar å jobbe med teneste som er i utvikling / endring
- Kunne jobbe både sjølvstendig og som lagspelar i eit team.
- Er strukturert og systematisk
- Er serviceinnstilt
- Er god på munnleg og skriftleg kommunikasjon
- Har gode samarbeidsevner
Vi kan tilby:
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver i eit levande miljø
- Fagleg rettleiing med kommunepsykologen
- Ein arbeidsgjevar som er oppteken av trivsel på arbeidsplassen
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter avtale
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaringar.
Politiattest må kunne leggast fram før tilsetjing.
Du skal nytte det elektroniske skjemaetnår du søkjer stillinga.
Arbeidsstad: Barn , familie og helseavdelinga , seksjon Psykisk Helse og Rus
Stillingstype : Engasjement med moglegheit for fast tilsetting
Stillingsstorleik : 100 %
ID-nr : 869
Søknadsfrist : 07.03.2019
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Attestar og vitnemål skal leverast på førespurnad, men vert ikkje automatisk returnert.
Ved behov for utfyllande informasjon eller spørsmål , kan du ta kontakt med :