Universitetsmuseet søker Kunnskapsvertar – deltid
Universitetet i Bergen
Museplass 3, 5007 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Universitetsmuseet søker Kunnskapsvertar – deltid
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. januar
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-wEin draumejobb for deg som nyfiken, omgjengeleg og liker å kommunisere!
Vil du jobbe med publikum ved Universitetsmuseet i Bergen? Vi har ledig fire (4) deltidsstillingar som kunnskapsvertar (konsulent 1065) knytt til Avdeling for forskingskommunikasjon og -formidling (AFF) frå mars 2025.
Kunnskapsvertane bemannar Universitetsmuseet, Naturhistorie som ligg i Muséplassen 3. Museet inneheld utstillingar og areal som er eigna til museumsbasert forskingskommunikasjon, undervisning, og større arrangement. Universitetsmuseet er ein viktig møteplass for akademia og samfunn og avdelinga skal gjennom ulike format og metodar kommunisere frå forskinga ved Universitetsmuseet og Universitetet i Bergen.
Kunnskapsvertar
Kunnskapsvertane er Universitetsmuseet sitt ansikt i møte med publikum. I rolla som kunnskapsvert
skal du bidra til at dei besøkande får ei god og kunnskapsbasert oppleving når dei vitjar museet. Du
vil få moglegheit til å førebu og gjennomføre ulike typar arrangement, undervisning for skuleverket,
jobbe med butikk og gjere anna musealt arbeid som skal til for å skape ei flott museumsoppleving for
dei som vitjar Universitetsmuseet, Muséplassen 3. Du vil få opplæring i det du treng for å fylla rolla
som kunnskapsvert.
Stillingane lar seg kombinere med studiar og vi oppmodar studentar til å søkje. Arbeidsdagar er i
hovudsak tysdag til laurdag kl. 09:45-16:15 og søndag kl. 10:45-17:15.
stillingane vil ein hovudsakleg arbeide i utstillingane.
Som kunnskapsvert må du pårekna at det vil bli ekstraarbeid etter avtale i samband med arbeid som førebuingar til og gjennomføring av undervisning for skuleverket, arrangement, utstillingar og anna. Det vil også bli ekstratimar etter avtale i form av helge- og kveldsarbeid med gjennomføring av arrangement og andre aktivitetar. Dersom museets opningstid vert endra, blir stillingsprosenten endra tilsvarande.
Kunnskapsvertane rapporterer til nærmaste leiar i Avdeling for forskingskommunikasjon og formidling.
Arbeidsoppgåver for kunnskapsvertar:
- Gje publikum ei spennande, unik og lærerik oppleving
- Vere i dialog med publikum om vitskapeleg kunnskapsproduksjon
- Patruljere og ha evakueringsansvar ved publikumsområda i Muséplassen 3
- Holde undervisningsopplegg tilrettelagt for barnehagar og skuleklassar
- Ta del i å førebu og gjennomføre arrangement
- Ta del i å byggje midlertidige utstillingar
- Anna musealt arbeid etter avtale
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Du må minst vere i ferd med å fullføre ein bachelorgrad, fortrinnsvis ved UiB eller tilsvarande
- Du må vere ein dyktig formidlar som likar forskingsbasert kunnskap
- Erfaring frå og interesse i drama, undervisning, formidling, forskingskommunikasjon eller tilsvarande
- Du må vere løysingsorientert og praktisk anlagt
- Du må jobbe godt i team
- Du må meistre engelsk og norsk flytande
- Erfaring med å stå i butikk
- Erfaring frå serviceyrke
- Erfaring med å handtere og vere ansvarleg for ulike grupper menneske
- Utdanning innan naturvitskap
Intervju
Intervjuprosessen har to rundar. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til gruppeintervju 12.-13. februar, der ein får prøve seg i ulike rollar som ein kunnskapsvert skal kunne meistre. Dei som går vidare etter denne runden vert kalla inn til eit individuelt intervju.
Vi kan tilby:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Stilling som konsulent (kode 1065) med årslønn kr. 448 900 – 460 600 brutto årleg i 100% stilling i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få av vertsansvarleg Aisha Marie Heim, tlf. 922 56 901, e-post: aisha.heim@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her
Sektor
Offentlig