Saksbehandlar ved tildelingskontoret
Giske kommune
Valderhaug 4, 6050 Valderøya
Om jobben
Stillingstittel
Saksbehandlar ved tildelingskontoret
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 10. januar
Er du ein engasjert og fleksibel person med ønske om å levere gode og bærekraftige tenester til innbyggarane i Giske kommune? Har du interesse for tenestetildeling og tenesteutvikling? Då kan du vere den vi ser etter.
Giske kommune søker etter saksbehandler i 100 % fast stilling ved tildelingskontoret. Oppstart 01.02.25. Tildelingskontoret er organisert under eining Samhandling og koordinering i kommunedirektøren sin stab.
Tildelingskontoret behandler søknader og fattar vedtak om helse- og omsorgstenester, og har også medansvar for pasientflyten i kommunen. Heilheitleg tenking, førebygging og tidleg innsats er viktige stikkord for det arbeidet og dei vurderingane som blir gjort. Vi ønsker å bidra til at kommunen sine innbyggarar i størst mogleg grad blir sjølvhjulpne og kan bu heime lengst mogleg.
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Saksbehandling av søknader om helse- og omsorgstenester til heile aldersspennet, men med eit ekstra ansvar inn mot barn og unge
- Rettleiing av brukarar, pårørande og tilsette.
- Samarbeid med blant anna spesialisthelsetenesten, kommunehelsetenesten, fastlegar, innbyggarar, søkarar og pårørande.
- Aktiv deltaking i teamarbeid på tvers av fag- og oppgåveområder
- Koordinering av pasientflyt internt i kommunen og mellom kommunen og helseforetak
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig høgskule- og/eller universitetsutdanning innan helse- og sosialfag
- Erfaring frå saksbehandling av helse- og omsorgstenester og offentleg forvalting
- Det er ein fordel med vidareutdanning i helserett, eventuelt må du vere innstilt på å ta utdanninga etter tilsetting
- God digital kompetanse
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Kunnskap om relevant lovverk og kommunale tenester
- Må ha førarkort klasse B
- Du må ha interesse for å jobbe med gode digitale løysingar som kan vere med på å utvikle tenestene våre
Personlege eigenskapar
- Fleksibel og løysingsorientert
- Stor arbeidskapasitet
- Engasjert og positiv
- God relasjonskompetanse
- Gode samarbeidsevner
- Sjølvstendig og systematisk
- Sjå samanheng og heilskap
- Nytenkande og trygg i arbeid med utvikling av nye bærekraftige tenester
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø og kollegaer med god kompetanse og erfaring
- Godt tverrfagleg samarbeid i ein utviklingsorientert kommune
- Fleksitidordning
- Løn og tilsetting på kommunale vilkår og pensjonsordning gjennom KLP
Synes du dette høyrest interessant ut? Ta kontakt for utfyllande informasjon om stillinga.
Kontaktinformasjon
Merethe Kristin Våge, Stabsleiar, +47 90080293Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4898261738
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Merethe Kristin Våge
Stabsleiar
+47 90080293
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2818789
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3daa4246d7454292a28609863d4d4eb4