Sjukepleiar/Vernepleiar - 60 % vikar på natt
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
Leitet 28, 5640 Eikelandsosen
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, deltid 60%
Antall stillinger
1
Er du sjukepleiar eller vernepleiar og ønskjer nye spennande utfordringar i eit godt arbeidsmiljø på natt? Då er kanskje dette jobben for deg!
Fusa bu og behandlingssenter (Fbbs) og heimetenester har ledig vikariat for sjukepleier/vernepleiar på natt. Nattevaktsteamet i eininga gir tenester til bebuarar på Fusa bu- og behandlingssenter og til heimebuande. Fbbs er ein heildøgnsinstitusjon med miljøavdelilng for personar med demens, buavdeling og korttids- /rehabiliteringsavdeling som også har tilknytt ØHD- plass. Fbbs har eige produksjonskjøkken og vaskeri. Heimestenesta er delt i avdelingane gruppe 1 Baldersheim, gruppe 2 Eikelandsosen og dagsenter. Gruppe 2 Eikelandsosen er med i eit innovasjonsprosjekt - "Heima Best" der eit av måla er å utvikle smarte og bærekraftige helse og omsorgstenester for å imøtekome framtida sine utfordringar.
Vi har ledig 60 % vikariat for sjukepleiar/vernepleiar i nattevaktsteamet frå 01.10.24 og om lag 1 år fram. Vikariatet er knytt til foreldrepermisjon for fast tilsett. Stillinga er i turnus, for tida med arbeid 3. kvar helg etter gjeldande avtalar
Arbeidsstad
Fusa bu- og behandlingssenter (Fbbs) og heimetenester, nattevaktsteam
- Utøve klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
- Dokumentera helsehjelp i Profil
- Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid
- Bidra til at interne og eksterne lover, relgar og prosedyrar vert følgt
- Vera pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluere tiltak
- Bidra til godt samarbeid med brukar og pårørande
- Ansvaleg for å halda seg fagleg oppdatert
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar, anna helsefagleg utdanning og lang erfaring kan bli vurdert
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått "Bergenstest" (test i norsk - høgare nivå)
- Ønskeleg med erfaring og kompetanse innan heimesjukepleie
- Vi gjer merksam på at du må legga fram politiattest
- Løysningsorientert med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Gode evner til observasjon og dokumentasjon
- God evne til etisk refleksjon over eigen praksis
- Bidra til godt arbeidsmiljø
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr- Fokus på sjukepleiefaglege oppgåver til brukarar ved Fbbs og i heimetenestene
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2689392
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3372391_196061_nn