Fysioterapeut - vikariat i 50% driftsheimel
Strandebarm fysioterapi
5630 Strandebarm
Om jobben
Stillingstittel
Fysioterapeut - vikar i 50% driftsheimel
Oppstart
1. september 2024
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Strandebarm fysioterapi ligg i eit kommunalt helsesenter med lege og helsesjukepleiar på Tangerås i Strandebarm 30 min frå kommunesenteret Norheimsund. Instituttet har god pasienttilgang innan eit breitt felt. Gode arbeidsplassforhold og treningssal med MTT. Instituttet har ledig eit 6 månaders vikariat som kan verta forlenga.
Tenestetilbodet innan ergo- og fysioterapitenesta er regulert i lov og forskrift. Kvam herad sin helse- og omsorgsplan gjev retning for tenestene. Noverande plan for ergo- og fysioterapitenesta er under rullering. Ved tildeling av driftsheimel gjeld ASA 4313 mellom KS og NFF.
Arbeidsoppgåver
I helse- og omsorgsplanen er det eit overordna mål å skapa framtidsretta, fagleg forsvarlege og likeverdige tenester som sikrar befolkninga eit profesjonelt, tilgjengeleg og effektivt tenestetilbod. Helse- og omsorgstenesta i Kvam skal leggja til rette for at kvar enkelt kan ta ansvar for eiga helse gjennom fysisk aktivitet, sosialt fellesskap og tilrettelegging av eigen livssituasjon. Kvam herad skal nytta «moglegheitsrommet» som ligg i å dreia tenestene mot førebygging og meistring av eige liv. Som fysioterapeut hos oss vil du få ansvar for:
- å tilby og yta ei god fysioterapiteneste basert på kunnskapsbasert praksis i høve alder, diagnose og funksjonsnivå
- oppfølging av pasientar på arenaer som er nødvendig for god og heilskapleg behandling
- å utøva fysioterapi på ein måte som fremjar aktiv behandling, samt gode og heilskaplege pasientforløp
Kvalifikasjonar
I vurderinga av kven som vert tildelt heimelen vert det lagt vekt på fagleg kompetanse, erfaring og personlege kvalifikasjonar som t.d. samarbeidsevne, evne til å driva sjølvstendig næringsdrift m.v., jf ASA 4313 pkt. 6.2. Me søkjer deg som har:
- Norsk autorisasjon som fysioterapeut
- Variert erfaring som fysioterapeut
- Interesse for å utvikla framtidsretta behandlingstilbod i samsvar med vedtekne planar og framtidas utfordringar med vekt på tenester til eldre, dei med muskel- og skjelettlidingar, psykosomatiske lidingar eller innan opptrening/rehabilitering/habilitering
- Ønske om å medverka positivt til å løysa felles oppgåver og arbeida etter gjeldande prioriteringsnøkkel i ergo- og fysioterapitenesta
- Evne til å samarbeida med andre fagmiljø i kommunen og delta på fellesarrangement for ergo-og fysioterpitenesta
- Interesse for gruppetrening.
- Kan visa til døme der du har arbeidd kunnskapsbasert og synleggjort dette gjennom dagleg praksis
- Genuin interesse for å arbeida tverrfagleg
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.
Personlege eigenskapar
- ser kva som har verdi for brukar
- samarbeider på tvers av fagfelt og spelar kvarandre gode
- deler og aukar kunnskapen din og som er open for endringar, er fleksibel og løysingsorientert
- er serviceinnstilt og engasjert
- er raus og inkluderande
Vi tilbyr
- Eit sterkt, engasjert og kunnskapsrikt fagmiljø
- Felles fagmøte og samhandling med heile ergo-og fysioterapitenesta
- Moglegheit for å jobba tverrfagleg med dyktige samarbeidspartnarar
- Jobb i eit veldrive og godt etablert institutt med fokus på fagutvikling
Generell informasjon
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Torild Kveberg, Leiar for ergo- og fysioterapitenesta, +47 901 76 166Hallgeir Aase, Institutteigar, 95746036
Arbeidsstad
Strandebarm
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 4814293863
Stillingsprosent: 50%
Anna
Startdato: 01.09.2024
Sluttdato: 28.02.2025
Søknadsfrist: 11.06.2024
Om bedriften
Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger.
Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og her kan du oppleva «bygda med bypuls», handlegate, strandveg og bystrand. Les meir
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2655404
- Sist endret
12. juni 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6cf4d06741794f4caf132b6d6f35a8c6