Helsefagarbeider 80% fast stilling
Bukollektiva, Sula kommune
Molværsvegen 15, 6030 Langevåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider 80% fast stilling
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du vere med på laget? Vi søker deg som er lagspelar og fagleg dyktig!
Ved Bukollektiva, Molværsvegen 15/17/19 har vi ledig 80% fast stilling for helsefagarbeidar, arbeid i 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. Om ønskeleg kan stillinga justerast til ca 90%, då med arbeid annenkvar helg. Tiltredelse snarast råd.
Søknadsfrist 20. januar 2025.
I Bukollektiva arbeider vi for å skape tryggleik for bebuarar og pårørande, gi omsorg og skape gode rammer basert på faglege vurderingar. Vi arbeider aktivt for å skape gode arbeidsmiljø og har fagleg fokus.
Molværsvegen 15/17/19 er bukollektiv med heildøgns omsorg for personer med sjukdomen demens. Avdelingane er adskilte, men har felles leiing og det er nært samarbeid både fagleg og sosialt.
Arbeidsoppgåver
- Målretta og planbasert arbeid for å gi bebuarar eit tilpassa tilbod i rolege og trygge omgjevnader samt fokus på ivaretakelse av eigne ressursar.
- Praktisk hjelp
- Primærpleie
- Miljøretta oppgåver/aktivisering med t.d. musikk, tur el.l.
- Medisinhandtering
- Nært samarbeid med pårørande
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeidar
- Vidareutdanning og/eller erfaring med sjukdomen demens kan vere ein fordel
- Gode munnlege og skriftlege norsk-kunnskaper er ein føresetnad
- Gode datakunnskaper
- Erfaring med Helseplattformen kan vere ein fordel, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
Vi søker ein positiv og løysningsorientert kollega som er engasjert, kunnskapsrik og som vil vere med å bidra til eit godt miljø for bebuarar og kollegaer. Du har ei genuin interesse for eldreomsorg og ønsker å vere ein aktiv bidragsyter for å gjere kvar dag best mogleg for bebuarar og pårørande. Du trivast med varierte og utfordrande arbeidsdager og evner å arbeide strukturert samstundes som du er fleksibel. Du er god på kommunikasjon og samspel med både kollegaer og tenestemottakarar.
Du må vere ein lagspelar og samstundes kunne arbeide sjølvstendig.
Personlege eigenskaper vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Inkludering ei eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- God opplæring og nærleiing
- Fokus på god eldreomsorg og fagleg utvikling
- Tilbod om deltaking i refleksjonsgrupper
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Gratis parkering
- Tillegg for relevant vidareutdanning
Kontaktinformasjon
Catharina Klokk Eide, Avdelingsleiar Molværsvegen 15/17/19, 48074239, catharina.klokk.eide@sula.kommune.noCecilie Ørjasæter, Einingsleiar, 91596764, cecilie.orjasaeter@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Molværsvegen 156030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 4906071954
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 20.01.2025
Om bedriften
Bukollektiv for personer med demens-sjukdom. Målet er å gje bebuarane eit tilpassa tilbod i trygge og rolege omgjevnader og hjelp til å nytte eigne ressursar lengst mogleg. Det er nært samarbeid med pårørande.
Turnusarbeid med arbeid kvar 3. helg. Personalet består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar/omsorgsarbeidarar og assistentar. Nokre ansatte har vidareutdanning innan sjukdomen demens.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2831763
- Hentet fra
talentech
- Referanse
707609bee2fe416c8e43f4871f4a90f7