Vernepleiar/Helsefagarbeidar om lag 53% stilling på natt
Har du lyst til å jobba på natt med gode kollegaer er dette stillinga for deg.
Vi har ledig 53,3 % fast stilling på natt på vaktlag 2.
Vaktlag 2 har hovedansvar for rehabiliteringsavdelinga og avd. Fjordheim med til saman 40 pasientar.
Nattevaktene på Luranetunet går i arbeidslag som består av tre eller fire nattevakter. Det er fem arbeidslag på natt og dei består av sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. I tillegg har heimebasert omsorg to sjukepleiarar på natt med base på Luranetunet. Vi har god teknologi der ein enkelt kan kontakta kollega i eit anna nattevaktslag.
Arbeidsstad
Pleie - og omsorgstenesta, Luranetunet v/nattevaktslag 2.
- Tilsette som jobbar natt får kr. 30.0000,- i tillegg på årsløna
Arbeidsoppgåver
- Utøva sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert ivareteke - ska denne teksten stå når ein søkjer vernepleiar/helsefagarbeidar ?
- Dokumentera helsehjelp i Profil
- Samarbeida med yrkesgrupper innan eige fagområde
- Samarbeida med brukarar, pårørande og andre helsetenester
- Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert.
Kvalifikasjonar
- Du har autorisasjon som helsefagarbeidar/ vernepleiar
- Du er løysningsfokusert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du er roleg og trygg
- Utdanning frå utlandet - godkjenning av NOKUT
- Bestått Norskkurs Nivå B2, for søkjarar utanfor Norden
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Tillegg i årsløn for natt kr. 30.000,-
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med Personalavdelinga.
Om bedriften
Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.