Seksjonsleiar kirurgisk seksjon - Klinikk somatikk Stord
Vi søker ein seksjonsleiar som kan vera med å vidareutvikla og forma gode pasientforløp og bygga ein sterk kirugisk seksjon. Seksjonen omfattar kirurgisk sengepost,operasjonsavdeling, kirurgisk poliklinikk/dagbehandling, merkantile tenester og kirurgiske legar. Seksjonsleiar vil ha overordna fag-, resultat- og personalansvar. Vi søker ein leiar som har god evne til å sjå heilskap, gode kommunikasjonsevne og med god erfaring i å bygge gode samarbeidsrelasjonar og team. Seksjonsleiar er med i klinikken si leiargruppe og rapporterer til klinikkdirektør.
Sjå eit glimt frå sjukehuset vårt:
Arbeidsoppgåver
- Seksjonsleiar har fag-, personal og økonomiansvar, samt ansvar for vidareutvikling og leiing av kvalitetsforbetringsarbeidet og systematisk HMS-arbeid i seksjonen.
- Ansvarleg for heilskapleg fagleg oppbygging og utvikling av seksjonen sitt utgreiings- og behandlingstilbod innanfor klinikken sine målsettingar og strategiar.
- Stillinga vil kreve stor grad av samarbeid og kontakt med interne og eksterne samarbeidspartnarar.
Kvalifikasjonar
- Leiarutdanning/leiarerfaring
- Erfaring frå helsesektoren, samarbeidsevne og personlege eigenskapar blir vektlagt
- God kjennskap til det norske språket, munnleg og skriftleg
Utdanningsretning
- Helsefag
- Administrasjon og Ledelse
Utdanningsnivå
- Høyskole / Universitet, Hovedfag / Mastergrad
Personlege Eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Strukturert og med sterk gjennomføringsevne
- Vera entusiastisk og ha evna til å motivera
- Vera fleksibel, løysings- og endringsorientert
- Lika utfordringar og ha god arbeidskapasitet
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Løn etter avtale.
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Reidun Rasmussen Mjør, direktør, 970 77 337
Arbeidsstad
Stord
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Fonna HF
Ref. nr.:4031015562
Stillingsbrøk: 100%
Fast heltid
Søknadsfrist: 27.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4031015562&company_id=2016184447&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.