Radiograf 100% vikariat
Radiologisk seksjon LSH, Helse Førde
Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal
Om jobben
Stillingstittel
Radiograf 100% vikariat
Oppstart
15. oktober 2024
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1
Radiologisk seksjon, Lærdal sjukehus har ledig 100% årsvikariat som radiograf i turnus (37.5 t/veke), med heimevakt og arbeid kvar 5-6 helg.
Oppstart: snarast/etter avtale
Er du glad i fjord, fjell og fantastiske naturopplevingar, og ønskjer å arbeide saman med ein triveleg og sosial gjeng ved Radiologisk seksjon i Lærdal?
Då kan dette vere jobben for deg!
Vi kan tilby ein arbeidsplass som har stort fokus på godt arbeidsmiljø, god pasienthandsaming og høg kvalitet på tenestene våre. Her er det høgt under taket, med mykje latter og humor. Seksjon Lærdal har ein CT, ein MR, to konvensjonelle røntgenlabbar, ein UL, og eit transportabelt røntgenapparat. Eininga består av sju radiografar, ein radiolog i stafett og to sekretærar. Radiologisk seksjon, Lærdal sjukehus er ein av tre seksjonar i Radiologisk avdeling Helse Førde. Dei andre seksjonane er lokalisert ved Førde sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus
Lærdal kommune er ein liten kommune innerst i Sognefjorden. Lærdal er ein ynda marknadsplass, og fleire festivalar som "Jordeplerokk" og "Komheimat" vert arrangert årleg. I tillegg er Lærdal kjent for å ha Noregs tørraste klima, med milde vintrar og fine varme sommardagar.
Lærdal ligg omkransa av eit eldorado av moglegheiter om du er interessert i å vere ute i naturen.Her finn ein noko for ei kvar interesse når det gjeld natur, sport, jakt og fiske. Er du glad i å gå på fjellet, såvel sommar som vinter har du turmoglegheiter rett utanfor døra. Vi har ei rekke skianlegg i nærleiken som Hemsedal, Filefjell, Hodlekve og Hafslo, kor det er rom for både løype og frikjøyring. Har ein bil er det kort veg til Jotunheimen som kan by på alt i frå toppturar, brevandring, fjellklatring, sykkelturar, skiturar, eller eit yrande dyreliv. Er du ein ivrig fiskar har ein Sognefjorden, Lærdalselva, og fleire gode fjellvatn som kan nyttast. Så frå naturens side er det berre fantasien som set grenser for kva ein kan foreta seg på fritida. Lærdal og omegn har også eit aktivt miljø innan ekstremsport, hundesport og skyttarlag. Ekstremsportveka på Voss eller High Camp på Turtagrø er nokon av dei arrangementa som finst i nærleiken.
For den meir urbane, er det kort veg til saft- og fotballbygda Sogndal. Elles ligg Lærdal kun 3 timar unna Bergen og 4,5 timar unna Oslo.
Arbeidsoppgåver
- Førebuing og gjennomføring av undersøkingar ved konvensjonell røntgen, CT og MR.
- Tilrettelegge og assistere radiolog på ultralyd
- Samarbeide med andre profesjonar og einingar
- Ta del i oppgåver som til ei kvar tid ligg til avdelinga
- God pasienthandsaming.
- Turnus med heimevaktsordning, og arbeid kvar 5-6 helg.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som radiograf
- Meistre norsk godt, både skrifteleg og munnleg
- Gode IKT-kunnskapar
- Det er ønskjeleg med kompetanse og erfaring innan CT og MR
Personlege eigenskapar
- Godt humør og positiv innstilling
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
- Fagleg engasjert og interessert
- Initiativrik og handlekraftig
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Arbeider godt i team
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb med moglegheit for utvikling
- Gode kollegaer med mykje latter og humor
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilpassa opplæring
- Vi har eigen vaktbustad som kan nyttast når ein har heimevakt
- Sjukehuset har eigne bustader for utleige
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Kathrine Søraa Kilen, Seksjonsleiar, +47 934 45 067Arbeidsstad
Sjukehusvegen 96887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4858009398
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 15.10.2024
Sluttdato: 14.10.2025
Søknadsfrist: 24.09.2024
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2739932
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d86deafd69e64aa68052b6765b41792d