Vil du jobbe hos oss, i eit spennande og godt arbeidsmiljø?
Askvoll kommune - Askvoll skule
Askvollvegen 253, 6980 Askvoll, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar/assistent ved Askvoll skule - 50% mellombels stilling
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Askvoll skule er ein 1-10 skule med om lag 190 elevar i grunnskulen, og har for tida også om lag 30 elevar i vaksenopplæringa, fordelt på grunnskule for vaksne og norskopplæring. Skulen har per i dag 53 tilsette, og ligg i kommunesenteret i Askvoll kommune.
Vi har frå 02.01.2025 ledig ei mellombels 50 % stilling som fagarbeidar/assistent ut skuleåret, men med moglegheit for forlenging. Seinare oppstart kan eventuelt avtalast.Arbeidsoppgåver:Fagarbeidarstillinga omfattar primært arbeid på 1. - 4. trinn.
Kvalifikasjonar:
For tilsetjing er det ønskjeleg at søkjar har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men også andre utdanningar og arbeidserfaring som er relevante kan verte vurdert.
Personlege eigenskapar vil og bli vektlagt.
Søkjarane må:
- beherske norsk munnleg og skriftleg.
- ha god kommunikasjonsevne
- ha digital kompetanse
- bidra til teamutvikling
- vere engasjert og fagleg dyktige
Vi søkjer deg som
- kan jobbe sjølvstendig og strukturert
- er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
- kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
- opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
- er løysingsfokusert og utviklingsorientert
- fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne
- interessante og varierte arbeidsoppgåver
- eit positivt og uformelt arbeidsmiljø
- god forsikring offentleg pensjonsordning (KLP)
- Kr 20 000,- over garantiløn etter gjeldande tariff for barne- og ungdomsarbeidarar
- Fagarbeidarar utan fagbrevet som er kravd, men som har fagbrev på anna fagområde, skal plasserast med stillingskode 6572-assistent, med same løn som ein fagarbeidar med relevant fagbrev for stillinga i hht tariff, jf. lønspolitisk plan
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2785187
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3423685_142039_nn