Leiar servicetorg og politisk sekretariat
Hareid kommune
Rådhusplassen 5, 6060 Hareid
Om jobben
Stillingstittel
Leiar servicetorg og politisk sekretariat
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Servicetorget og politisk sekretariat er på mange måtar navet i Hareid kommune.
Her har vi direktekontakt med både innbyggarane og dei folkevalde. Vi handterer sentralbord, arkiv, innbyggardialog, gir støtte til dei folkevalde og er sekretærar i dei folkevalde møta. Vi er sakshandsamarar og har fag- og/eller gjennomføringsansvar for mellom anna val, personvern, internkontroll, digitalisering og kommunikasjon.
No treng vi ein ny leiar!
Arbeidsoppgåver
Du vil
- ha overordna ansvar for oppgåvene som ligg til eininga
- ha personalansvar for dedikerte og sjølvgåande tilsette
- ha økonomiansvar
- ha rollane som personvernkontakt, sikkerheitsansvarleg, internkontrollansvarleg, leveranseansvarleg opp mot IKT-leverandøren vår SSIKT
- bidra til å utvikle tenestene slik at innbyggarane blir meir sjølvhjelpte
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga/eininga.
Kvalifikasjonar
Vi ønsker at du har
- høgare utdanning innan for administrasjon og leiing
- kunnskap og kompetanse innanfor fagfelta som ligg til eininga
- leiarerfaring
Erfaring frå liknande roller vil kunne kompensere for manglande utdanning.
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter deg som er opptatt av tryggleik og kontroll, samstundes som du vil jobbe for at kommunen skal vere open, serviceinnstilt og innbyggarvenleg.
- Du må ha god balanse mellom å vektleggje detaljar og å sjå dei store linjene.
- Vi vil at du skal ha økonomisk forståing og god munnleg og skriftleg formidlingsevne.
- Du må vere flink til å setje deg inn i nye fagfelt, roller og oppgåver og sjonglere desse.
- Vi treng ein inkluderande leiar som kan motivere tilsette til å utvikle seg sjølv og kommunen.
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
Vi tilbyr
På rådhuset vil du bli ein del av eit godt arbeidsmiljø der vi deler same mål om å gjere Hareid kommune til ein god kommune å bu i og jobbe i. Målet er å samarbeide på tvers av fagmiljøa for å trekke vekslar på kvarandre sine erfaringar og kompetanse.Samarbeidet med nabokommunane våre er godt, og du vil ha tett kontakt med kollegaar med tilsvarande ansvar gjennom etablerte faggrupper og andre fora.
Elles er det verdt å nemne at arbeidsstaden din på Hareid rådhus ligg sentralt plassert på søre Sunnmøre. Frå Ulstein er det 15 minutt med bil. Frå Ålesund er det 25 minutt med hurtigbåt. Frå Fosnavåg, Volda og Ørsta tek det mindre enn 40 minutt å køyre til hit.
Løna blir etter kvalifikasjonar og gjeldande avtalar. Vi har gode pensjons- og forsikringsavtalar gjennom KLP.
Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og avtaleverk. Faste stillingar har ei prøvetid på seks månader.
Til alle stillingar i det offentlege, skal det utarbeidast ei søkjarliste. Hareid kommune plar å leggje denne lista ut på nettsidene våre. Du kan be om å bli anonymisert på denne lista. I so fall, må du opplyse om dette i søknaden og forklare kvifor. Vi kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. I so fall vil du bli kontakta på førehand.
Kontaktinformasjon
Bent Arild Grytten, kommunedirektør, +47 91913675Arbeidsstad
Rådhusplassen 56060 Hareid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 4833561358
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.08.2024
Om bedriften
Hareid kommune har 5303 innbyggarar, og ligg sentralt på Sunnmøre i eit knutepunkt mellom Ålesund og bygdebyane rundt. Kommunen er i vekst og har skapt eit livskraftig samfunn på Hareidlandet i godt samarbeid med engasjerte innbyggjarar og gode naboar.
Hareid kommune er ein god arbeidsplass, og ein god kultur- og bukommune i ein sterk og rik arbeidslivsregion.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2688509
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8026c4559b8b451881c4ca883f680b23