Pedagogisk leiar - Skattebøl barnehage
Ål kommune Skattebøl barnehage
Branesvegen 2,, 3570 Ål, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 1. januar
Skattebøl barnehage har 2 ledige stillingar som pedagogisk leiar i inntil 100% frå 01.03.25, i mellombels avdeling ved Skattebøl barnehage. Stillingane vil vera faste i Ål kommune. Frå 1. mars 2025 utvidar Ål kommune Skattebøl barnehage med ei avdeling for barn i alderen 1-3 år. Denne avdelinga blir fysisk plassert ved Skattebøl skule.
Skattebøl barnehage er ein to-avdelings barnehage som ligg fint til i eit skogholt, i Granhagen/ Nossgrenda, ca. 3 km frå Ål sentrum. Barnehagen har eit stort og variert uteområde, med gode turalternativ i nærmiljøet. Les meir om barnehagen på Ål kommune sine heimesider, www.aal.kommune.no.
Du vil arbeide saman med profesjonelle, fagleg dyktige og engasjerte pedagogar og assistentar. Alle desse gjer ein stor innsats for at alle barna i barnehagen skal ha ein god dag.
I Skattebøl barnehage set vi «Den gode kvardagen» i høgsetet; ein kvardag der personalet arbeider tett på barna, og der barna sin leik er høgt verdsett.
Kvalifikasjonar:- utdanning som barnehagelærar eller anna relevant godkjent utdanning
- heldt deg fagleg oppdatert
- kjennskap til lovverk og rammer som er gjeldande for barnehage
Personlege eigenskapar:
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi ønskjer deg som søkjar som:
- brenn for barnehageyrket og barnas beste
- er glad i barn og har evne til å arbeide relasjonelt med barn
- er ein leikande vaksen, som har høg respekt for barnas leik
- bidreg fagleg og sosialt i personalgruppa
- gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- kan uttrykke deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg (nynorsk)
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr:- ein barnehage med eit god fagleg miljø
- ei personalgruppe som verdsett humor i kvardagen
- meiningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer
- hjelp til å finne bustad
- pensjonsordning i KLP
- lønn etter gjeldande tariffavtale
- arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
- gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Ta kontakt om du har spørsmål knytt til stillinga. Me ser fram til å motta søknaden din!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2813241
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3441439_227559_nn