Helsefagarbeidar 100 % stilling
Skjåk kommune har ledig 100 % stilling som helsefagarbeidar frå 01.06.24. Stillinga er for tida i 3-delt turnus på Skjåkheimen.
Arbeidsområde
Skjåkheimen er ein sjukeheim med 24 plassar. Her er det både korttidsplassar, langtidsplassar og rehabilitering. Det er nær samhandling mellom heimetenesta og sjukeheimen. Vi har ei målsetting om å vere ein sjukeheim der både bebuarar og tilsette skal trivast i kvardagen.
Skjåk kommune har godt utbygd heimesjukepleie og praktisk bistand, og har over lang tid satsa på å byggje ut omsorgsbustader som ligg sentrumsnært. 14 av bustadane ligg under same tak som sjukeheimen.
Andelen tilsette med fagutdanning er høg. Skjåk kommune prioriterer lokalt og interkommunalt utviklingsarbeid.
Kvalifikasjonar
- Helsefagarbeidar
- Godkjent politiattest
Vi vektlegg at du
- er motivert for å arbeide med eldre og arbeider for å oppretthalde kvardagsmestring hjå brukarane
- er fagleg engasjert og vil halde deg oppdatert
- viser fleksibilitet i høve til omstillingar, er løysningsorientert og kan prioritere i ein travel kvardag
- har evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
- har erfaring frå liknande arbeid
- har godt humør og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
- har generell forståing for bruk av informasjonsteknologi
- dokumenterer i høve til lover og forskrifter
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
- Pensjonsordning i KLP
Ynskjer du å bu og jobbe i ei fjellbygd med gode arbeidsplassar og fritidsmoglegheiter?Nå kan du prøvebu i Skjåk. Skjåk kommune har bustadar som ein kan leige/prøvebu i, sjå lenke under for meir informasjon: https://www.skjaak.kommune.no/tenester/naring-landbruk-og-miljo/provebu-i-skjak/
Spørsmål kan rettast til Ingvild Mork mobil 489 97 924.
Søknadsfrist 8. april 2024
- Elektronisk søknadsskjema
- Søkjarlista vil bli offentleggjort
Kommunedirektøren
Om bedriften
Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.