Sommarvikarar Eigedomsforvaltning
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sommarvikarar Eigedomsforvaltning
Type ansettelse
Sesong, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
6
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. mars
Ute er det kaldt, men me har starta å tenke på sommaren
Gulen kommune har behov for sommarvikarar 2025 på avdeling for eigedomsdrift. Det vil vere aktuelt med oppmøtestad i Brekke, på Byrknes og i Eivindvik. Søkjarane må skrive i søknaden kvar dei helst ynskjer å vere lokalisert, og om det er periodar dei ikkje kan jobbe i sommar/eventuelt andre avgrensingar. Ferieavviklinga er hovudsakleg i perioden veke 25-31, men det kan også vere aktuelt med jobb utover desse vekene.
Søkjarane kan forvente svar på søknaden i april.
Arbeidsoppgåver
- Slåttehjelp
- Maling
- Vedlikehald
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- Det er ein fordel at sommarvikarane har førarkort for bil og/eller traktor, men søkjarar utan førarkort vert også vurdert
- Det er ein fordel med erfaring innan arbeidsoppgåvene som skal løysast
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer ferievikarar som:
- Er fleksible, sjølvstendige, pliktoppfyllande, effektive og nøyaktige
- Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan Miljøtenesta, pleie og omsorg og i skule og barnehage vert det stilt krav om politiattest Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfodensiell handsamling, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
- Løn etter tariff
Kontaktperson for stillingen
Kristoffer Elvebakke
Einingsleiar eigedomsforvaltning
+4794156701
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted