Rådgivar - miljøvernomsyn i samfunns- og arealplanlegging
Jobbnorge ID: 187144
Om stillinga
Areal av stor nasjonal og regional verdi for matproduksjon og natur-, kulturlandskaps- og friluftsformål er i store delar av Rogaland under sterkt press.
Fylkesmannen har ansvar for at nasjonal politikk blir formidla og følgt opp både i praktiseringa av plan- og bygningslova og sektorlovane i landbruk, energi, vassdrag, forureining, naturmangfald med meir.
Miljøvernavdelinga har ansvar for samordning av uttalar frå heile Fylkesmannsembetet og samarbeider tett med fagavdelingane i embetet i ei felles plangruppe.
Miljøvernavdelinga har ledig ei fast stilling som rådgivar innan miljøvernomsyn i samfunns- og arealplanlegging.
Arbeidsoppgåver
- delta i regionalt samarbeid med fylkeskommunen og statlege regionale instansar, om samordning av planuttalar og plandialog med kommunane
- skrive uttalar til planvarsel og høyring av regionalplanar, kommunale og regionale planstrategiar, planprogram, kommuneplanar, reguleringsplanar og plandispensasjonar
- vere ein fagressurs for fylkesmannen si tverrfaglege plangruppe og miljøvernavdelinga sine to fagseksjonar (natur og forureining) på miljøtema i plan
- rådgiving og kompetanseheving for kommunar og andre involverte i arealplanarbeid
- kvalitetssikring av miljøverntema i konsekvensutgreiingar
Kvalifikasjonskrav
Du har relevant utdanning på mastergradsnivå. Aktuell utdanning er til dømes innan arealplanlegging, by- og regionalplanlegging, jus, arkitektur og geografi. Manglande utdanning kan kompenserast med høg realkompetanse. Det vil bli lagt vekt på relevant arbeidserfaring, men
nyutdanna er også aktuelle.
GIS/kartkompetanse er ein fordel.
Vi ønskjer oss ein medarbeidar som
- er fleksibel, systematisk og initiativrik
- arbeider godt så vel åleine som i lag med andre
- er løysningsorientert og har god relasjonell kompetanse
- uttrykkjer seg klart skriftleg og munnleg, på begge målformer
Vi tilbyr
- lønn som rådgivar, kr 550 000 - kr 640 000 i pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte kan høgare lønnsplassering/stillingsplassering vurderast
- fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
- god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna)
- varierte, interessante og krevjande arbeidsoppgåver
- nødvendig opplæring og rom for kompetanseutvikling
- triveleg arbeidsmiljø i Statens Hus
Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.
Fylkesmannen har som personalpolitisk mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.
Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5% av nytilsetjingar i staten skal være personar med nedsett funksjonsevne
eller hull i CV-en.
Spørsmål om stillinga
Nærare opplysningar kan ein få av fylkesmiljøvernsjef May Britt Jensen, mobil 469 34 768.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Fylkesmannen er Kongen og Regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningsliner blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter.
Fylkesmannen skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statleg verksemd i fylket og har mellom anna oppgåver innafor fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca 175 tilsette.