Lærar
Org. nr: - Stillingsident: 4193526080 Presentasjon av stillingen:
Det er ledig inntil fire stillingar som lærar for fast tilsetting og vikariat i Vanylven kommune frå 01.08.2020.
Kommunen har tre grunnskular; Myklebust skule, Fiskå skule og Åheim skule. Meir informasjon om skulane våre finn du på heimesidene til skulane: https://www.vanylven.kommune.no/kultur-og-oppvekst/.
Vanylven kommune arbeider med fagfornyinga med fokus på sosialkompetanse og lesing skuleåret 2020 - 2021. Vi har fokus på mestring, utvikling, erfaringsdeling og samarbeid mellom skulane våre. Vi ønskjer tilsette med god klasseleiing, samarbeidsevne, god fagleg kompetanse og evne til å være med å skape ein felles skule i utvikling.
Grunnskulane i Vanylven treng lærarar med godkjent kompetanse for dei ulike trinna, og då særleg fagkompetanse innan spesialpedagogikk, musikk, kroppsøving, engelsk, matematikk og norsk.
Kvalifikasjonar
- allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning 1-7 eller 5-10
- ønskjeleg med minimum 30/60 studiepoeng i basisfag
- anna relevant utdanning
- ønskjeleg med erfaring frå læraryrket
- god pedagogisk digital kompetanse
- personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- utviklings- og løysingsorientert
- ein klar og tydelig klasseleder
- god til å tenkje heilskapleg rundt barns oppvekstmiljø
- omgjengelig, initiativrik og fleksibel
- flink til å planlegge og gjennomføre undervisning
- god på vurderingspraksis som fremjar elevane si læring
- bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Som tilflyttar til Vanylven kommune kan du få nedbetalt studielån med 15% per år i arbeid, maks 28 000,- per år etter nærare retningslinjer. Er du nyutdanna vil du også starte med 4 års ansiennitet. I tillegg har vi gode pensjonsordningar. Søknad skal sendast på kommunen sitt søknadsskjema. CV skal fyllast inn i søknaden. Gjer vel å oppgje referansar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Søknadsfrist: 1.mars 2020
Kontaktinformasjon
Sølvi Erviksæter Sjåstad, pedagogisk konsulent, 70030033, solvi.erviksaeter.sjastad@vanylven.kommune.no
Frode Vik, kommunalsjef, 700 30 005, frode.vik@vanylven.kommune.no
Arbeidsstad
Rådhuset
6143 Fiskåbygd
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vanylven kommune
Referansenr.:4193526080
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 01.03.2020
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 150 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Treng du fleire grunnar til å søkje deg til oss? Alle tilsette i høgskulegruppa som flyttar til/bur i Vanylven kommune får nedbetalt studielån med 15% kvart år dei er i arbeid, maks kr. 28.000,- pr år (etter nærare retningsliner). I tillegg får nytilsette på fag- og høgskulestigen med under 4 års ansiennitet, starte med løn som etter 4 års ansiennitet.