Fagarbeidar/assistent
Ulstein vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Holsekerdalen 180, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar/assistent
Oppstart
1. november 2024
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Ulstein vidaregåande skule har ledig ei 80% fast stilling som fagarbeidar/assistent frå 1.november 2024.
Arbeidsoppgåver
Oppfølging av elevar i vidaregåande opplæring som har behov for individuelt tilrettelagd opplæring og personleg assistanse. Stillinga er per dato knytt til ei klasse for individuelt tilrettelagd opplæring.Kvalifikasjonar
Har fagbrev som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar, eller har anna relevant utdanning og erfaring.
Relevant erfaring kan erstatte formell utdanning.
Personlege eigenskapar
Ein tydeleg vaksen som har lyst til å arbeide med ungdommar i eit godt fagmiljø.
Er pålitelig og har gode samarbeidsevner.
Er positiv og fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver.
Er tålmodig og viser omsorg for elevane.
Kan kommunisere og samhandle med ungdom i ulike opplæringssituasjonar.
Vi tilbyr
- Eit godt fagmiljø og eit aktivt og variert arbeidsfellesskap. Opplæring og rettleiing vert gitt undervegs.
Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
Løn etter tariff
Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.
Andre opplysningar:
Den som blir tilsett må levere politiattest jf. opplæringslova §10-9.
Vi brukar nynorsk som administrasjonsspråk.
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Margaret Alme, Rektor, +47 95839744Arbeidsstad
Holsekerdalen 1806065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 4861384160
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.11.2024
Søknadsfrist: 06.10.2024
Kontaktperson for stillingen
Margaret Alme
Rektor
+47 95839744
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Om skulen (ulstein.vgs.no)
SKULEBYGG
Skulen ligg i Høddvollområdet, næraste nabo til Høddvoll stadion. Skulen har undervisninga si i skulen sitt bygg og i Ulsteinhallen, som er bygd saman med Ulstein vgs. Idrett og kroppsøving har undervisning i Ulsteinhallen, i Ulsmohallen og på Høddvoll stadion.
KLASSETAL/ELEVTAL
Skulen skal for skuleåret 2023-2024 ha 9 klasser i utdanningsprogrammet Studiespesialisering, 1 klasse Påbygg til generell studiekompetanse, 6 klasser Idrettsfag, 4 klasser Elektrofag, 2 klasser Sal, service og reiseliv, 2 klasser IKT og medieproduksjon og 1 Tilrettelagt klasse. Dette utgjer om lag 550 elevar.
SKULEDAGEN
Skuledagen er frå kl.08:20 til kl.15:15. Skuleåret 2020-2021 la vi om timeplanen. Omlegginga vart slik at vi har færre fag per dag og lengre økter i kvart fag. Enkelte dagar har vi berre eitt fag. Timeplanen vil variere frå veke til veke - dette for å få meir ro i skulekvardagen og få betre tid til fagleg fordjuping.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2751048
- Sist endret
24. september 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d7ce6e24958348db8956c74a6f1f720c