Overstyrmann i turistrute Kaupanger-Gudvangen, p.t MF Skånevik
Org. nr: - Stillingsident: 4197259387 Presentasjon av stillingen:
The Fjords har ledig engasjement i stilling som overstyrmann i turistrute Kaupanger - Gudvangen, p.t MF Skånevik.
Engasjementet vil vare i fra 2.juni- 31.august.
Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande.
MF Skånevik er ei klassisk norsk fjordferge som seilar i turistrute mellom Kaupanger- Gudvangen. Med MF Skånevik seilar du gjennom Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden og Sognefjorden. Dette landskapet er noko av det vakraste i Noreg.
Arbeidsoppgåver
- Leiar for dekksavdeling
- Avløysar for skipsførar
- Ettersyn på navigasjonsutstyr
- Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
- Ta om bord/i land vilar og passasjerar ved behov
- Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
- Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
- Opplæring, utvikling og trening av personell
- At mannskapet har riktig verneutstyr
- At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
- At kommunikasjonsutstyr er i orden
Kvalifikasjonar
- Minimum D3 sertifikat
- Sikkerheitskurs iht kvalifikasjonsforskrifta
- ROC/GMDSS sertifikat
- Gyldig helseattest
- Krise- og passasjerhåndteringskurs
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibel
- Godt humør
- Gode kommunikasjonsevner
- Vilje og forståing til å oppnå selskapet sine målsettingar og visjonar
- Serviceinnstilt
- Fordel å beherske engelsk språk
Language
- Engelsk
- Norsk
Vi tilbyr
- Lønn etter overenskomst
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Skiftordning, 2 veker på, 2 veker av
- Kan bu om bord
Kontaktinformasjon
Markus Bjerck, Bemanningskoordinator, 473 95 619, markus.bjerck@fjord1.no
Lisbeth Nordal, Bemanningskoordinator, 909 32 354, lisbeth.nordal@fjord1.no
Arbeidssted
6854 Kaupanger
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:The Fjords
Referansenr.:4197259387
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 15.03.2020
Om bedriften
The Fjords er eit moderne og innovativt rederi som fraktar turistar på norske verdsarvfjordar med blant anna heilelektriske, utsleppsfrie fartøy. Selskapet styrkar fjordopplevinga for dei mange turistane som besøker Fjord-Norge, med fokus på fornying av materiell og produktutvikling.
The Fjords har fått stor merksemd både internasjonalt og nasjonalt på bakgrunn av dei unike fartøya, Vision of The Fjords & Future of The Fjords. Begge fartøya er spesialbygde for sightseeing på norske fjordar, og designet er inspirert av fjellstiar langs fjorden.
The Fjords er til stades på Geirangerfjorden, Hjørundfjorden, Nærøyfjorden, Sognefjorden, Lysefjorden og Oslofjorden. Selskapet utvidar den geografiske plasseringa og har nye fartøy i bestilling. <> (søsterskipet til Future) er under bestilling og vert levert i juni 2020. Dette fartøyet er tiltenkt Oslofjorden, som er den nyaste av marknadene som The Fjords satsar på. The Fjords er i ein vekstfase og har store ambisjonar. Etableringa av selskapet er ei viktig og langsiktig satsing der faktorar som miljø og berekraftig utvikling står sentralt. The Fjords er eigd av Fjord1 ASA og Flåm AS, to selskap med brei kompetanse innen maritim næring og reiseliv.