Arkivkonsulent
Drift/teknisk divisjon /Dokumentasjonsavdelinga/ Fagseksjon for papirforvaltning og depot, Helse Bergen
Møllendalsbakken 9A, 5009 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Arkivkonsulent
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. januar
Dokumentasjonsavdelinga har som oppdrag å levere heilskaplege dokumentasjonstenester til heile helseføretaket. Avdelinga består av fire seksjonar med til samen ca. 110 medarbeidarar.
Fagseksjon for papirforvaltning og depot har totalt ni medarbeidarar og har ansvar for helseføretaket sitt papirdepot. Papirdepotet har omtrent 17 000 hyller og inneheld mellom anna pasientjournalar, forskingsdokumentasjon, personalmapper og saksdokumentasjon frå Helse Bergen.
Vi har ledig eit vikariat som arkivkonsulent ved papirdepotet vårt. Vikariatet er i utgangspunktet for eitt år, men det kan bli forlenga.
Arbeidsoppgåver
- Daglege driftsoppgåver ved Depotet
- Ordning av papirarkiv
- Kontakt med Arkivverket/Norsk Helsearkiv
- Depotstyring
- Vere med og utvikle tenestene i seksjonen
- Rettleiing av avdelingar og andre kundar
Kvalifikasjonar
- Flytande skriftleg og munnleg norsk
- Erfaring med papirarkiv og ordningsarbeid
- God IKT-kompetanse
- God kjennskap til lover og føresegner for offentlege arkiv
- Interesse for dokumentasjons- og arkivarbeid
- Utdanning på universitets/høgskolenivå, gjerne arkivrelaterte fag som arkiv/bibliotek
- Relevant arbeidserfaring innan arkiv/depot kan kompensere for manglande utdanning
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt
- Ansvarsfull
- Lojal mot målsettingar, visjoner og retningslinjer i føretaket
- God på samarbeid
- Fleksibel
Vi tilbyr
- Interessante arbeidsoppgåver
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- IA-arbeidsplass
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tverrfagleg samarbeid
- Dyktige og engasjerte kollegaer
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Irene Valvik Vågen, Seksjonsleiar, 55978423Arbeidsstad
Møllendalsbakken 9A5009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4893375178
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 28.02.2026
Søknadsfrist: 19.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Irene Valvik Vågen
Seksjonsleiar
55978423
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2812385
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ab63d077dfe749d0827753d3d54337cd