Undervisningsstilling norsk og religion
Voss gymnas er ein kombinert vidaregåande skule, og har om lag 600 elevar og 90 tilsette. Skulen opna 1.august 2017 i nytt skulebygg med eit stort idrettsanlegg. Skulen tilbyr utdanningsprogramma;Informasjonsteknologi og medieproduksjon, Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign, Sal, service og reiseliv, Helse- og oppvekstfag, Studiespesialisering, Idrett, Toppidrett-ski, Kunst, design og arkitektur og Musikk, dans og drama. Skulen har i tillegg to klassar med Påbygging til generell studiekompetanse og ansvar for Vestland fylkeskommune si klasse i Frankrike.
5700 Voss
Referansenr.: 4799373238
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 12.08.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 05.05.2024
Arbeidsoppgåver
Voss gymnas har ledig fylgjande undervisningsstillingar:
- Norsk 100%
Undervisninga i norsk er i klassar på innføringstilbod, vaksenopplæringstilbod samt særskild språkopplæring. Det er ynskjeleg med kompetanse innan norsk som andrespråk.
- Religion 15%
Kvalifikasjonar
- Høgskuleutdanning/universitetsutdanning.
- Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova.
- Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.
- Det er ynskjeleg med erfaring frå undervisning i innføringstilbod og grunnopplæring i norsk
Personlege eigenskapar
Du som vert tilsett må vere målretta og systematisk, set eleven si læring og utvikling fremst. Du er ein tydeleg og støttande leiar i klasserommet, og har evne til å samarbeide, finne fleksible løysingar og du kan motivere elevane til å gjere ein ekstra innsats. Du har vilje til å initiere og ta del i skulen sitt utviklingsarbeid.
Vi tilbyr
- Løn etter kompetanse og ansiennitet.
- Nytt og moderne skulebygg.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- Godt arbeidsmiljø
Andre opplysningar
- Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule.
- Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Nelly Nora Naasen, avdelingsleiar, 90126969Arbeidsstad
Gymnasvegen 55700 Voss
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4799373238
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 12.08.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 05.05.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.