Helsefagarbeidar ved Heimetenesta, 40 % fast
Heimetenesta har ansvar for ulike oppgåver knytt til å førebygge, behandle og tilrettelegging for mestring av sjukdom, skade og nedsett funksjonsevne.
Vi søkjer deg som er helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller har anna relevant fagutdanning, til ein 40 % fast stilling.
Kvalifikasjonar:
- Autorisert helsfagarbeider\hjelpepleier\annen relevant fagutdanning.
- Nasjonal norskprøve nivå 3/B1,bestått både munnleg og skriftlig
- Førarkort B
Vi ynskjer at du:
- Er sjølvstendig, strukturert og tek ansvar
- Har gode kommunikasjons og samarbeidsevner
- Har gode IKT kunnskapar - (vi bruker Gerica-systemet)
- Liker utfordringar og er faglig fokusert
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr:
- Varierte arbeidsoppgåver med mogelegheit for å påverke og utvikle tenesta.
- Kurs og opplæring
- Deltaking i faglig forum
- Støtte til relevant vidareutdanning
- Dyktige, inkluderande og hyggelege kollegaer
- Eit breitt spekter av utfordringar med pasientar i alle aldersgrupper og ulike hjelpebehov
- Todelt turnus m/ jobb kvar 3. helg (dag og kveld)
Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram før tiltreding i stillinga
Anna:
Aktuelle søkjarar blir innkalla til intervju. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Gol kommune praktiserar meiroffentlegheit og det skal derfor gode grunnar til at søknaden ikkje skal vera offentleg.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Send søknad:
Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytt til registrering av elektronisk søknad, kontakt Trine Eidsgaard via Tenestetorget 32029000.
Er du ny som søkjar til stilling i Gol kommune vel du "Registrere søker" for å opprette brukarnamn og passord. Søkjarar som er, eller har vore tilsett i Gol kommune, har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instruksane du får når du trykker på "Glemt brukarnamn/passord", som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på din e-post i Gol kommune eller den e-posten du har oppgitt til Gol kommune.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Om bedriften
Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.600 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Gol har eit koseleg og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Kommunen har ny grunnskule og ny fleirbrukshall, god barnehagedekning og eit variert skuletilbod innan vidaregåande skule.