Spesialist i allmennmedisin / ALIS
Sykkylven-Stranda Interkommunal legevakt
Haugneset 20, 6230 Sykkylven, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Spesialist i allmennmedisin / ALIS
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. januar
Vil du bidra til eit sterkt fagmiljø og gjere ein forskjell i akutte situasjonar?
Sykkylven-Stranda interkommunale legevakt søker ein dyktig og engasjert lege til sjø-turnus. Hos oss får du varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit dynamisk miljø, med mulegheit til å arbeide i eit sterkt fagmiljø.
Den interkommunale legevakta er lokalisert ved Sykkylven Legesenter og ligg sentralt i nærheten til Bu - og aktivitetssenter og Heimebasert omsorg.
Legevakta har drift frå kl.16:00 til 08:00, og har sentralbord ved Ålesund legevakt. Tenesta har legevaktslegar med spesialisering i allmennmedisin.
Dedikerte sjukepleiarar arbeider i legevakt i helgene fra kl.10:00 til 22:00 og på kvelder i vekedagane fra kl.16:00 til 23:00.
I helgene bidrar fastlegane med legevaktsteneste fra kl. 08:00 til 16:00.
Daglegevakt handterast av fastlegar ved legesentera i Sykkylven og Stranda.
I løpet av 2025 flyttar legevakta til nye lokale i eit moderne Helsehus, der legevakta blir samlokalisert med heimebasert omsorg, psykisk helse og Sykkylven legesenter. Denne satsinga gir oss mulegheita til å styrke samhandlinga og utvikle eit framtidsretta helsetilbud for innbyggarane.
Vi ser fram til å høre fra deg!
Arbeidsoppgåver
• Mottak og vurdering av pasientar ved legevakta
• Handtering av akutt medisinske livstruende tilstandar
• Samarbeide tverrprofesjonelt i akuttmedisinske team i kommunen
• Koordinering med andre ledd i den akuttmedisinske kjeden og nødetater ved behov.
• Gjennomføre diagnostikk og iverksette nødvendig medisinsk behandling og overvåkning i akutte situasjonar.
• Bidra til kontinuerlig kvalitetsforbedring av tenesta
Kvalifikasjonar
• Erfaring fra akuttmedisin eller legevaktsteneste er ein fordel
• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
• Evne til å arbeide under press og handtere uforutsigbare og komplekse situasjoner sjølvstendig
• Beherske norsk både muntleg og skriftleg
• Spesialist i allmennmedisin ferdig eller påbegynt
• Autorisasjon som lege
Personlege eigenskapar
• Du er god på kommunikasjon, samarbeid og skaper gode relasjonar til pasientar og kollegaer
• Du har genuin interesse for mennesket og dets helse- og livssituasjon
• Du har evne til utvikling og nytenking
• Løsningsorientert og endringsvilleg
• Du er fleksibel
Personlig egnaheit vektleggast
Vi tilbyr
• Godt arbeidsmiljø, engasjerte kollegaer
• Sterkt fagleg hjelpepersonell
• Kollegial møter kvar veke med fagleg innhald og kvalitetsarbeid
• Sykkylven kommune er registrert utdanningsverksemd
• Norsjøturnus som gir mulegheit for fleksibilitet og friheit
• Beste natur, fjell og lokale aktivitetar
• Lønn etter avtale
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Gulay Kar, Einingsleiar Sykkylven Legesenter, +47 47728672, gulay.kar@sykkylven.kommune.noArbeidsstad
Haugneset 206230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 4895357787
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2810171
- Hentet fra
talentech
- Referanse
51db08c657154b179c9d0ed3a0e727da