Førebyggande risikoanalytikar søkjast!
ÅLESUND - Avsnitt for etterretning og førebygging, Møre og Romsdal politidistrikt
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Førebyggande risikoanalytikarar søkjast!
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Vi har ledig to faste, nyoppretta stillingar som førebyggande risikoanalytikar (FRA) hos avsnitt for etterretning og førebygging ved Ålesund politistasjon.
Vi søkjer deg som ønsker å bidra til førebygging av vald i nære relasjonar for driftseining Sunnmøre. Vi ser etter deg som kan jobbe med tidsfristar i høgt tempo med krevjande arbeidsoppgåver der du tar avgjerder effektivt, både sjølvstendig og i samarbeid med interne og eksterne aktørar. God kunnskap om aktuelt instruksverk og rutinebestemmelser er nødvendig å tilegne seg i stillinga.
Som FRA vil du ha tett samarbeid med fagansvarleg for partnar- og æresrelatert vald ved felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking i politidistriktet.
Det forventast at du som FRA vil vere ein fagleg pådrivar for førebygging av vald i nære relasjonar.
Etterforsking av mishandling i nære relasjonar, ungdomskriminalitet og andre oppgåver ved avsnitt for etterretning og førebygging må også påreknast, avhengig av behov.
Avsnittet er plassert ved seksjon for etterforsking, etterretning og førebygging i geografisk driftseining Sunnmøre, oppmøtestad Ålesund. Seksjonen består i dag av seksjonsleiar, tre etterforskingsteam, straffesaksansvarleg, TA-ansvarleg, krimvakt, publikumsmottak og avsnitt for etterretning og førebygging. Avsnittsleiar er nærmaste leiar med personalansvar for tilsette under avsnitt for etterretning og førebygging.
Avsnitt for etterretning og forebygging har i dag eit positivt og inkluderande fagmiljø med fokus på kvalitet i arbeidet som blir utført. Samarbeid, læring og utvikling står sterkt i miljøet og dette skal førast vidare og forsterkast.
Arbeidsoppgåver
- Utføre risikovurderingar ved bruk av dei ulike risikovurderingsverktøya
- Utføre trusselvurderingar
- Koordinere og leie vurderingsmøter
- Identifisere, vurdere og iverksette tiltak for å redusere risiko for ny vald
- Oppfølging av valdsutsatt og valdsutøvar og samhandlande aktørar
- Samarbeid med etterforskarar/juristar i saker som omhandlar vald i nære relasjonar
- Etterforsking av mishandling i nære relasjonar og U18-saker
- Det kan bli aktuelt med operativ førebyggande tjeneste kvar 6. helg
- Andre oppgåver må påreknast etter behov på avsnittet
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Politiskolen/Politihøgskolen
- Gode kunnskapar om politiet sine datasystem
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Ønskeleg:
- Erfaring med førebyggande risikoanalyse er ein fordel
- Erfaring frå straffesaker som omhandlar vald i nære relasjonar er ein fordel
- Erfaring/kompetanse og/eller vidareutdanning innan etterretning er ein fordel
- Kurs i relevante risikovurderingsverktøy - SARA:SV og PATRIARK
- Erfaring/kompetanse og/eller vidareutdanning innan kriminalitetsførebygging
- Operativ godkjenning i minimum kategori 4 eller vere kvalifisert og villig til å bli IP-godkjent
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner
- Sosial kompetanse, evne til å skape gode relasjonar og samarbeid
- Strukturert, analytisk evne
- Sjølvstendig med høg gjennomføringsevne/beslutningsevne
- Utviklings- og løysingsorientert
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
- Fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt. Tilsetting er avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
- Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 575 400 - kr. 667 700
- Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 509 300 - kr. 565 900
- Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 487 700 - kr. 532 200
- Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon.
- Mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Daniel Langøyli Ludviksen, 40445916Arbeidsstad
Nedre Strandgate 506005 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4810714683
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 06.06.2024
Om bedriften
Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 265 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 630 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det.
Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.
Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.
Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.
Nettsted
www.politiet.no/jobb
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2658612
- Sist endret
7. juni 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e93eb6a68761405197045f4bca81d57e