Pleieassistent til helgestilling
Medisinsk klinikk / Medisinsk Post 5 Vest, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Pleieassistent 15% - på tvers i medisinsk klinikk
Type ansettelse
Fast, deltid 15%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest fredag 3. januar
Medisinsk klinikk ønsker å tilsette sjukepleiarstudentar, helsefagarbeidar og medisinstudentar på alle våre sengepostar. Vi ønsker å vere med å bygge din kunnskap og kompetanse ved at du blir tilsett fast på ein sengepost, men vil og kunne arbeide på andre postar ved behov. Vi ønsker på denne måten å styrkje helgebemanninga på postane. Vi lyser ut 4 faste helgestillingar på 15% med arbeid kvar 3. helg for deg med pleieerfaring.
Vi kan tilby opplæring og kompetanse innan det indremedisinske feltet,, og ved å jobbe på ein av våre sengepostar vil du kunne utvikle deg og få kunnskap som kan hjelpe deg vidare i jobb i klinikken.
Dei ulike postane vi kan tilby jobb på er: Medisin 1 nord - seksjon for hormon og nyresjukdommar, Medisin 5 nord - seksjon for blodsjukdommar og Medisin 5 vest, seksjon for infeksjonssjukdommar.
Arbeidsoppgåver
- Gi god omsorg for pasient og pårørande
- Stell og pleie, samt gi god omsorg for pasient og pårørande
- Stell og pleie , samt overvaking av pasientar
- Matservering
- Skylleromsarbeid
- Fastvakt
Kvalifikasjonar
- Meistre norsk skriftleg og munnleg
- Må ha relevant praksis frå helsesektoren, og gjerne sjukehuserfaring
- Kunnskap om Medisinsk teknisk utstyr og IKT system (Dips og Meona)
Personlege eigenskapar
- Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
- Gode kommunikasjonseevner
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
Vi tilbyrn deg
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hege Cecilie Sørby, Avdelingssjukepleiar, 55 97 37 03Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4893460898
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 03.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Hege Cecilie Sørby
Avdelingssjukepleiar
55 97 37 03
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2806312
- Hentet fra
talentech
- Referanse
92c973aaf1644b118d1d04736f65f0f8