Helsefagarbeider, helg
Sveio kommune
Sveiogata 70, 5550 Sveio, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider, helg
Type ansettelse
Fast, deltid 24%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest mandag 20. januar
Om stillinga
Eining Habilitering avdeling Åsvegen bueining, ligg midt i Sveio sentrum. Åsvegen bueining er ein døgnbemanna bustad for personar med utviklingshemming med samansette bevhovsutfordringar. Me treng no to medarbeidarar med turnus på helg, stillingsprosent 21,5 og 24,8. Arbeidstid inntil 14 timar. Me søkjer fortrinnsvis etter helsefagarbeidar. Stillinga kan også passa godt for studentar/elevar innan helsefag. Her vil du bli betre kjent med yrket du har valgt. Du vil oppleve ein arbeidsplass som har høgt fokus på miljøarbeid, og du vil møte mange gode kollegaer som vil ha deg med på eit godt teamarbeid. Stillinga kan også sikre deg sommarjobb framover om du ynskjer det.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga er knytt opp til teneseter til personar med varierande grad av hjelpebehov
- Tilsyn og hjelp til daglege gjeremål
- Miljøarbeid etter tiltaksplanar
- Du må kunne bistå i situasjonar som oppleves vanskeleg for brukar
- Bidra til at brukar har heilhetleg tenestetilbod
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som helsefagarbeidar
- Student/elev under utdanning innan helse
- Krav om politiattest
- Førarkort kl B
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjon og samarbeidsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig
- Lojal, punktleg og plikoppfyllande
- Fokus på kvalitet i tenesta
- Fleksibel og løysningsorientert
- Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune. Du snakkar, leser og skriv så godt at du kan både samarbeide med andre og utfører arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig.
- Det er krav om tilfredsstillande politiattest for personell som ansettes
Vi tilbyr
- Ein lærande og fleksibel arbeidsplass i stadig utvikling, med stertk fokus på den einskilde tenestemottakar
- Interessante faglege utfordringar og høve for fagleg og personleg utvikling
- Løn i henhald til gjeldande avtalar
- God pensjonsordning gjennom KLP - frå løna vert det trekt 2%
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Sektor
Offentlig
Nettsted