Miljøarbeidarar ved Miljøterapitenesta, Gol arbeidssenter/Helsetunvegen
Gol kommune Miljøterapitenesta
Helsetunvegen, 3550 Gol, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. januar
Miljøterapitenesta yt tenester til personar i eigen heim, dagtilbod og avlastning. Felles er at dei er i behov for bistand til å meistre liva sine. Bistanden kan være tilsyn, aktivisering, tilrettelegging eller ulike formar for praktisk bistand. Arbeidsoppgåvene er varierte, dagane har ofte høgt tempo og krev fleksibilitet.
Gol arbeidssenter/Helsetunvegen er ein del av Miljøterapitenesta. Gol arbeidssenter er eit dag- og aktivitetstilbod til vaksne med nedsett funksjonsevne. Gol arbeidssenter gir dagtilbod til fleire personar. Vi ynskjer å skape ein meiningsfylt kvardag med engasjement og arbeidsglede for våre brukarar. Vi søkjer ein kollega som likar å arbeide med menneske, likar utfordringa og kan arbeide både sjølvstendig og i team.
Stillinga innehar hovudsakleg dagvakter og enkelte kveldsvakter, og arbeid kvar tredje helg.
Vi søkjer:
Miljøarbeidarar i 80% fast stilling
Arbeidsoppgåver:
• Direkte tenesteyting i form av hjelp, omsorg, hablitering, og pleie etter individuelle behov
• Utføre oppgåver i samråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
• Delta i kartlegging av brukarbehov
• Sørge for at tenestemottakar opplever tryggheit, blir verdsett og behandlast med respekt
• Legemiddelhandtering og oppfølgjing av tjenestemottakers helse
• Bidra til utvikling av eit godt arbeidsmiljø og fagmiljø
• Dokumentere i kommunens dokumentasjonssystem Gerica
• Oppgåva som primærkontakt kan bli tillagt
Kvalifikasjonar:
• Helsefagarbeidar/ aktivitør
• Eventuelt annan relevant utdanning kan vurderast
• Førarkort klasse B
• Gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg
Vi ynskjer at du har:
• Kunnskap om og erfaring med utviklingshemming
• Liker utfordringer og er løsningsorientert
• Kjennskap til hol. kap. 9 (tvang og makt)
• Gode samarbeidsevner med brukarar, pårørande og kollegaer
• Du tar initiativ, bidrar til utvikling, engasjement og et godt arbeidsmiljø
• Kunnskap i bruk av digitale verktøy i planlegging og evaluering av det miljøterapeutiske arbeidet
• Erfaring i bruk av velferdsteknologi og teknologi for brukarane
Vi tilbyr:
• Varierte og spennande arbeidsoppgåver og utfordringar
• Opplæring og fagleg rettleiing
• Trivelige, nysgjerrige, engasjerte og dyktige kollegaer med godt samhold og mye humor
• God pensjonsordning
• Gratis tilgang til treningsstudio i Gol Idrettsarena (GOLIAT)
For stillinga gjeld:
• Tilsetting etter lov og avtaleverk
Anna:
• yldig politiattest må leggjast fram.
• ttestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
• skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, men det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
• nder Arbeidserfaring i søknaden, må du oppgi tidlegare arbeidsgivarar og laste opp attest/tenestebevis frå disse. Har du ikkje tenestebevis må du legge ved vedlegg som seier noko om dette
Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2817354
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3443707_176491_nn