Fagarbeidar / assistent
Sula ungdomsskule, Sula kommune
6030 Langevåg
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar / assistent
Oppstart
1. august 2024
Type ansettelse
Vikariat, deltid 70%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Sula kommune ligg sentralt plassert like utanfor Ålesund. Her er vi tett på storbyen, men likevel med nærleik til fjord, fjell og gode oppvekstvilkår. Sula kommune er ei framtidsretta kommune der alle elevar har eigen iPad.
Sula ungdomsskule er den einaste ungdomsskulen i kommunen og er plassert i Langevåg. Neste skuleår har vi om lag 440 elevar og 55 tilsette. Vi set mennesket i sentrum og har med oss lokalsamfunnet på laget. Visjonen vår er "aktivt lærande elevar i ein inkluderande skule", der innovasjon og nyskaping går hand i hand med trivsel, tryggleik og meistringstru.
Vi har frå 01.08.24 ledig inntil tre stillingar som fagarbeidar/assistent i 70% ved Sula ungdomsskule. Det er snakk om tidsavgrensa stillingar, men med moglegheit for fast tilsetting ved seinare høve.
Arbeidsoppgåver
Assistere i pedagogiske aktivitetar, personleg hygiene og stell. Støtte elevar i fagleg og sosial læring.
Delta i arbeidet med å planlegge, tilretteleggje, koordinere og gjennomføre aktivitetar knytta til enkeltelevar og grupper.
Kvalifikasjonar
Fagbrev i barne- og ungdomsarbeid, men annan relevant utdanning / erfaring / praksis kan også bli vurdert.Personlege eigenskapar
Du må vere aktiv, engasjert og vere god på samarbeid og relasjonsbygging. Vi bruker læringsbrett i opplæringa, så det er ein fordel at du meistrar digitale reiskapar.
Du må vere raus, omsorgsfull, tolmodig og kunne møte born med ulike behov på ein god måte. Du må takle stress, raske endringar, vere fleksibel og positiv.
Vi tilbyr
Vi tilbyr deg ein fin arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø, og mange gode samarbeidspartnarar.
Lønn og arbeidsforhold etter gjeldande lov og regelverk.
Kontaktinformasjon
Pål André Holen, Rektor, +47 93086542Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 4818108773
Stillingsprosent: 70%
Vikar
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 05.06.2024
Om bedriften
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2657569
- Sist endret
6. juni 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
51aa69be0c8347358f9965c27ed36c8c