Ringevikar ved Dalsøyra barnehage
Gulen kommune
Dalsbygda 54, 5960 Dalsøyra
Om jobben
Stillingstittel
Dalsøyra barnehage og skule. Tilsetjing ringevikar ved Dalsøyra barnehage
Type ansettelse
Annet, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Ringevikar
Ynskjer du å vere ringevikar ved Dalsøyra barnehage og skule, avdeling Dalsøyra barnehage?
Dalsøyra barnehage og skule har behov for å kome i kontakt med personar som ynskjer å vere ringevikar i Dalsøyra barnehage. Dersom du ynskjer å vere disponibel som ringevikar, er du ikkje forplikta til å seie ja til oppdraga du vert tilbudd, men du vil stå på ei liste, slik at du kan verte kontakta ved behov. Du takkar altså ja eller nei til konkrete vakter. Du vil få opplæring og oppfølging etter behov. Alle som arbeider ved eininga må levere tilfredsstillande politiattest før oppstart. Dersom du tenkjer dette verkar interessant kan du anten sende inn ein søknad ved å gå inn på på "søk her", eller ta kontakt direkte med kontaktperson i annonsen.
Arbeidsoppgåver
- Praktisk og pedagogisk arbeid med born, individuelt og i grupper
- Vise omsorg for kvart enkelt born
- Ta initiativ til og delta aktivt i borna sine aktivitetar og leik
- Bidra til eit godt samarbeid på avdelinga
Kvalifikasjonar
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Ha interesse for born og borna si utvikling
- Må vere tydeleg, og ta initiativ til å bygge gode relasjonar
- Kunne gjennomføre og følge opp aktivitetar med born både inne og ute
- Ha gode samarbeidsevner og kunne arbeide sjølvstendig og i team
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med barn, foreldre og kollegaer
- Ansvarsbevisst
- Vert motovert av å vere med å gje barn ein stabil og god kvardag i barnehagen
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
Kontaktperson for stillingen
Hanne Slartmann
Avdelingsleiar/styrar Dalsøyra barnehage og skule
95915088
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2563757
- Sist endret
14. februar 2024
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10196131