Vernepleiar/ miljøterapeut 100 % fast stilling
Org. nr: 964 980 365 Stillingsident: 4198486191 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig 100 % fast stilling for vernepleiar/ miljøterapeut frå 01.08.2020.
Stillinga er for tida knytt til arbeid med ein enkelt elev med særskilte behov. Stillinga er i hovudsak tenkt for arbeid i skule, men det kan også opne seg moglegheiter for arbeid i andre einingar dersom behovet for vernepleiarar i kommunen endrar seg i framtida.
Menn vert oppmoda om å søkje stillinga.
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling og ber difor om at du nyttar elektronisk søknad.
Har du behov for hjelp til utfylling av søknaden, så ta gjerne kontakt med Servicetorget, tlf. 70 24 66 66.
Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar må leggast fram ved ev. intervju eller tilsetting.
Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato, jf. opplæringslova § 10-9.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer ein trygg vaksenperson som er fagleg kvalifisert for arbeid med elevar med særskilte behov.
Stillinga krev eit nært samarbeid med skulen sitt øvrige fagpersonale.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgskuleutdanning som vernepleiar. Anna relevant høgare utdanning kan også vere aktuelt.
- Erfaring frå arbeid med elevar med særskilte behov er ein fordel
- Førarkort klasse B
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å oppnå god kontakt og motivere eleven.
- Du har evne til å arbeide strukturert og målretta, og har gode samarbeidsevner.
- Du er positiv og trygg, sjølv i vanskelege situasjonar.
- Du må kunne følgje opp ulike læringsaktivitetar som ikkje naturleg fell innafor vanleg klasseundervisning, til dømes praktisk retta læring.
Vi tilbyr
Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk:
- Løn etter avtale/tariff
- Obligatorisk tenestepensjonsordning
- Gunstige låneordningar
- Gode forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Bjørnar Midtbust, Kommunalsjef, 70246500, bjornar.midtbust@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Sykkylven kommune
6230 Sykkylven
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Sykkylven kommune
Referansenr.:4198486191
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 11.03.2020
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 800 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.