Ferievikariat sommaren 2022 sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4443285422 Presentasjon av stillingen:
Er du sjukepleiar på jakt etter sommarjobb? Likar du action og høg aktivitet? Eller er du meir opptatt av samtale og miljøterapi? Syns du beinbrot og operasjonssår er spennande? Eller likar du medisinsk detektivarbeid?
Uansett kva utfordringar du likar best, har vi jobben for deg!
Stord sjukehus trenger engasjerte medarbeidarar for sommaren 2022 med gode muligheiter for vidare tilsetting.
I Helse Fonna jobbar du i team med dyktige kollegaer frå ulike faggrupper rundt deg. Du er aldri aleine på jobb, og vi har gode støttefunksjonar. Hos oss får du praktisere det du har lært under studiet; praktiske prosedyrar, utgreiing, testing, dokumentasjon og tverrfagleg samarbeid.
Vi søkjer sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i sommarperioden som er veke 25-33.
Skriv i søknaden kva einingar du ønsker å jobbe ved, skriv i prioritert rekkefølgje kor du helst kan tenke deg å vere:
- Akuttmedisinsk avdeling
- Kirurgisk avdeling
- Medisinsk avdeling
Vi vil behandle søknadar fortløpande, så søk allereie no.
Stillingsstorleik etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging og pleie.
- Du får nytte dei kunnskapane som ligg i sjukepleiarfaget
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Søkjarar med erfaring frå sjukehus og pasientpleie vil bli prioriterte.
- Søkjarar må ha gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Utdanningsretning
- Sjukepleie
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Praktisk
- Sjølvstendig
- Ha respekt for den enkelte pasienten
- Serviceinnstilt.
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Opplæringsvakter.
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Trude Digernes, Funksjonsleiar - medisinsk sengepost, 53491110
Anne Grete Solli, Funksjonsleiar - medisinsk sengepost, 91727832
Halvor Jordåen, Funksjonsleiar - kirurgisk sengepost , 97636378
Tina Dahle Nilsen, Funksjonsleiar - Akuttmottak, 90606423
Arbeidsstad
Tyseveien 64
5416 Stord
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4443285422
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 31.01.2022
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.