Helgastillingar og tilkallingsvikarar ved Surnadal sjukeheim,
Surnadal kommune Surnadal sjukeheim
Bårdshaugvegen 22, 6650 Surnadal
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid 25%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Surnadal sjukeheim søker personale for arbeid på helg, til ulike stillingsstørrelsar i faste stillingar og i engasjement.
Stillingane passar fint for studentar og elevar innan helse- og sosialfaglege yrke.
Du kan også søke som tilkallingsvikar hos oss.
Om oss
Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom, fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demenssjukdom og vi har ei korttidsavdeling.
I korttidsavdelinga har vi 2 ØHD-rom.
Hos oss har vi stort fokus på
- fagutvikling
- rolleavklaring for dei ulike yrkesgruppene, der målet er auka tryggleik, kvalitet og trivsel for alle
- kvalitet i tenestene
- velferdsteknologi
- aktivitetar
- matglede
- refleksjon
Personlege eigenskapar
Du er engasjert i arbeidet ditt, omsorgsfull og motivert for å bidra til gode tenester.
Godt humør og gode samarbeidsevner er ferdigheiter vi set pris på hos arbeidstakarane våre.
Vi tilbyr:
- opplæring og veiledning
- godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
- lønn etter gjeldande avtaleverk, kommunale tilsettingsvilkår
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før opppstart i stilling.
Vår visjon: Vi skal vere ein institusjon der kvar enkelt er verdifull!
Besøk oss på Facebook: facebook.com/surnadalsjukeheim
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2702953
- Sist endret
5. august 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3381249_187099_nn