Vikarstilling som sjukepleiar ved legekontoret og heimesjukepleia
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Moavegen 30, 2690 Skjåk, Norge, Skjåk
Om jobben
Stillingstittel
Vikarstilling som sjukepleiar ved legekontoret og heimesjukepleia
Oppstart
27. mai 2024
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
100% vikarstilling er ledig frå 27.05.24 -- 28.02.25 med moglegheit for forlenging.
Stillinga er for tida delt mellom to tenesteområde
- 80% legekontoret
- 20% heimesjukepleia, 3. kvar helg i heimesjukepleia
Arbeidsområde
Legekontor
- Laboratorie arbeid
- Svare på innkommande anrop
- Ansvar for elektronisk pasientjournal
- Assistere lege ved behov
Heimesjukepleia
- Heimesjukepleie er ei teneste som yter sjukepleie for brukarar i eigen heim
- Arbeid 3. kv. helg
Kvalifikasjonar
- Utdanning som sjukepleiar er ynskjeleg, men ikkje krav. Annan utdanning og arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
- Førarkort klasse B
Vi vektlegg at du
- Er serviceinnstilt og løysingsorientert
- Har god digital kompetanse
- Har erfaring frå liknande arbeid
- Viser engasjement og kan prioritere i ein travel kvardag
- Har evne til å arbeide sjølvstendig
- Har gode samarbeidsevner
- Har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Ved tilsetting er det krav om politiattest.
Vi tilby
- Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
- Pensjonsordning i KLP
Spørsmål kan rettas til Eli Skjåk Teigum 902 41 735
- Elektronisk søknadsskjema
- Søkjarlista vil bli offentleggjort
Kommunedirektøren
Om bedriften
Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2590388
- Sist endret
3. april 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
a4f7fcd8-0247-4fd3-b535-318f9da0a01d