Vi søkjer deg som autorisert helsesekretær eller teknikar til vårt Bemanningssenter i samarbeid med øye poliklinikk - Helse Fonna HF
Org. nr: - Stillingsident: 4086602081 Presentasjon av stillinga:
Vi søkjer autorisert helsesekretær eller teknikar som er fleksibel, trivst med nye utfordringar og som liker å samhandle med nye kollegaer og ulike pasientgrupper. Vi har gleda av å tilby deg 80 % stilling i vårt bemanningssenter, der alle vaktene p.t. er knytt til øye poliklinikk.
Augeseksjonen er ein moderne seksjon som held til lyse og trivelege lokaler. Vi har 5 overlegar, 2 LIS-legar, 7 sjukepleiarar og 3 sekretærar. Vi legg vekt på eit høgt faglig nivå og har eit godt samarbeid med førstelinjetenesta og private aktørar.
Bemanningssenteret er Helse Fonna sitt interne vikarbyrå og har eksistert sidan våren 2011. Tilsette ved Bemanningssenteret arbeider ved ulike einingar ved sjukehuset, noko som gir deg breiddeerfaring frå fleire fagfelt.
Det kan også bli aktuelt med vakter i andre klinikkar.
Arbeidsoppgåver
- Mottak, registrering, prioritering av pasientar
- Anna administrativt arbeid som følgjer med poliklinisk arbeid så som
- ekspedisjon øyepoliklinikk, kvalitetssikring gjennom å følge opp rapportar og uferdiglister, timetildeling,svare på telefon
- Forundersøkelser med pasientkontakt i poliklinikk
Kvalifikasjonar
- Du må vere autorisert helsesekretær eller teknikar
- Fordel med erfaring frå sjukehus
- Grunnleggjande IKT-kompetanse
- Fordel med kjennskap til DIPS
- Erfaring med timebestilling
- Erfaring fra poliklinisk arbeid
- Må beherske norsk skriftlig og munnleg godt
Utdanningsnivå
- Videregående skole
Personlege Eigenskapar
- Personlege eigenskapar blir lagt vekt på
- Du er fleksibel og liker variasjon, er god på samarbeid, har god arbeidsmoral, ståpåvilje og er ansvarsbevisst.
- Du er løysingsorientert og liker å arbeide i eit tverrfagleg/fleirfagleg miljø med høgt tempo og med entusiastiske og fagleg dyktige kollegaer.
- Du er engasjert og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
- Gode kommunikasjonseevner
- Strukturert
- Nøyaktig
- Sjølvstendig
- Ansvarsbevisst
Vi tilbyr
- Medlemsskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Triveleg og utviklande arbeidsmiljø.
Kontaktinformasjon
Beate Sirnes Lyngstad, Funksjonsleder, (+47) 99201883
Arbeidsstad
Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Fonna HF
Ref. nr.:4086602081
Stillingsbrøk: 80%
Fast deltid
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 02.06.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4086602081&company_id=1099335353&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.