Lagermedarbeidar til vikariat ved Voss sjukehus
Voss sjukehus, Helse Bergen
Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
Om jobben
Stillingstittel
Vikariat Lagermedarbeidar til Voss sjukehus
Oppstart
1. oktober 2024
Type ansettelse
Vikariat, deltid 60%
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. september
Støttetenester, Voss sjukes som består av portør, reinhald og innkjøp, har et godt og stabilt fagmiljø med motiverte og hyggelege medarbeidare. Voss sjukehus har om lag 400 tilsette, og er eit moderne og velutstyrt sjukehus med ulike faggreiner innan spesialisthelsetenesta.
Vi søker etter vikar i 60% stilling som lagermedarbeidar til Voss sjukehus frå snarast og til 31.03.2025.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåver knytt til lagerlogistikk frå mottak til leveranse i sjukehuset
- Følge opp interne bestillingar
- Utkøyring av varer til avdelingane og mottak og utlevering av medisinar til avdelingane
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med kjennskap til vareflyt/lagerarbeid
- God IKT-kompetanse og ein må ha gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har god orden, er effektiv og nøyaktig
- Fleksibel, gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Serviceinnstilt, strukturert, positiv og løysingsorientert
- Vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Arbeidet er fysisk krevande
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Godt fagleg miljø og teamarbeid med hyggelege kollegaer
- Relevant opplæring
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Siri Louise Visted, Seksjonsleiar, 97050468Arbeidsstad
Sjukehusvegen 165704 Voss
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4854758757
Stillingsprosent: 60%
Vikariat
Startdato: 01.10.2024
Sluttdato: 31.03.2025
Søknadsfrist: 22.09.2024
Kontaktperson for stillingen
Siri Louise Visted
Seksjonsleiar
97050468
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
www.helse-bergen.no
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2736839
- Sist endret
12. september 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a351546dd3aa44d490ec05b3662df640