Jobbspesialist AMS
Nav Ørsta-Volda
Ivar Aasen-gata 10, 6150 Ørsta
Om jobben
Stillingstittel
Jobbspesialist AMS
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 8. januar
NAV Ørsta-Volda skal utvide sitt AMS-team og søkjer etter ein motivert, energisk og uredd jobbspesialist.
Teamet består av to jobbspesialistar og metoderettleiar som jobbar etter Supported Employment (SE) metodikken. Vårt hovudoppdrag er å bidra til auka inkludering i arbeidslivet og finne varige løysingar for den einskilde. Vi jobbar med personar med samansette utfordringar, og som ønskjer å komme i arbeid. Ei sentral oppgåve for jobbspesialisten er individuell jobbstøtte både før og etter oppstart i ein jobb. Ein viktig og naturleg samarbeidspart for oss i dette arbeidet er arbeidsgivarar. Arbeidskvardagen for ein jobbspesialist foregår difor mykje ute hjå bedrifter, der gode relasjonar byggast.
Jobbspesialistar med ulik yrkesbakgrunn er viktig for å gi oppfølging av god kvalitet til kommuna sine innbyggjarar, og for å byggje nettverk innanfor enda fleire bransjar. Vi ser difor etter deg som har eit brennande ønskje om å ta med deg di unike erfaring inn til oss i Nav, og som på ein kreativ og ny måte ønskjer å bidra til auka arbeidsinkludering i samfunnet. Har du det unike vi ikkje har?
Arbeidsoppgaver
- Jobbe etter Supported Employment (SE) metodikk
- Følge opp og sikre framdrift av eigen portefølje med inntil 20 deltakarar med tydeleg forventning om overgang til arbeid
- Lære den einskilde arbeidssøkar å kjenne gjennom samtalar om erfaringar, interesser, ressursar, eigenskapar, jobbønskje og anna
- Etablere og oppretthalde eit nært samarbeid med relevante støttespelarar (herunder arbeidsgivarar, utdanningsstadar, behandlarar, andre personar i nettverket og Nav-rettleiarar)
- Oppsøke og samarbeide med arbeidsgivarar
- Bistå jobbsøkaren i søkeprosessen og gi jobbstøtte på arbeidsplassen
- Dokumentere i relevante fagsystem
- Arbeide stor del av tida i lokalmiljøet i møte med deltakar, arbeidsgjevar og/eller utdanningsstad
Kvalifikasjoner
- Bachelor eller høgare utdanning. Særleg relevant erfaring og resultat frå liknande arbeid vil kunne kompensere for deler av utdanningskravet
- Erfaring frå å jobbe med menneske
- Erfaring frå ulike bransjar og delar av arbeidslivet
- Gode digital ferdigheiter
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
- Førarkort klasse B.
Du må må kunne disponere eigen bil i tenesta.
Det er ønskeleg at du har:
- Erfaring frå Supported Employment
- Har erfaring frå karriererettleiing og samtalemetodikk
- Har kjennskap til ulike vegar til utdanning og fagbrev
Personlige egenskaper
- Gode kommunikasjonsevner og er ein nettverksbyggar som ønskjer å jobbe med rekruttering
- Har tru på at alle menneske, til tross for særskilte behov og samansette utfordringar kan få og behalde ein ordinær jobb eller gjennomføre ei utdanning
- Er god til å kommunisere med ulike menneske og skapar gode og trygge relasjonar
- Er målretta og strukturert
- Er kreativ og løysingsorientert
- Kan handtere høgt arbeidstempo og tidvis uforutsigbar arbeidskvardag
- Er sjølvgåande og har evne til å prioritere
- Trivast med å bli følgt opp på kvalitet og resultat
Vi tilbyr
- Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver i engasjerte tverrfaglege team
- Opplæring som jobbspesialist
- Moglegheiter for fagleg- og personleg utvikling
- Eit arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
- Fleksibel arbeidstid
- Stillinga tilhøyrar stillingskode 1434 Rådgivar med løn frå kr 548.600 til 604.900, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar
- Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar gjennom Statens pensjonskasse
Kan dette vera noko for deg?
Vi ser fram til å høyra frå deg.
Kontaktinformasjon
Janne Helen , Ringstad, 404 92 064Marte Jelle, Kontorleiar, 476 52 735
Arbeidssted
Ivar Aasen-gata 106150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAVReferansenr.: 4898983398
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.01.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Marte Jelle
Kontorleiar
476 52 735
Janne Helen
Ringstad
404 92 064
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2820693
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4269ba93faaa4546846c663b1dd44308