Einingsleiar institusjon
Ledig stilling som einingsleiar innan helse og omsorg i Seljord kommune
Seljord kommune er ein naturskjønn aktivitetskommune i hjartet av Telemark. Seljord kommune ligg sentralt i hjartet av Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Det er eit godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, 2 grunnskular, vidaregåande skule, folkehøgskule, kulturskule, symjehall, bibliotek og kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter. Seljord kommune har i underkant av 3000 innbyggarar. Kommunen er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 390 tilsette totalt.
Nesbukti pleie- og omsorgssenter er ein sjukeheim med 32 plasser. Det er knytt ca. 35 årsverk til eininga og er det er Seljord kommune sin største arbeidsplass. Sjukeheimen ligg vakkert til ved vatnet i nærleiken av kommunens omsorgsbustadar. Heimesjukepleia har også base på sjukeheimen, noko som gjev gode rammer for internt samarbeid.
Seljord kommune har ledig stilling som einingsleiar for eininga Institusjon i Seljord kommune. Eininga Institusjon omfattar Nesbukti pleie- og omsorgssenter og kommunens produksjonskjøkken. Produksjonskjøkkenet er plassert på Dyrskuplassen.
Det er i tillegg til einingsleiar tilsett ein assisterande einingsleiar som delar på oppgåvene knytt til administrasjon. Einingsleiar deltek i kommunalsjefens leiargruppe.
Seljord kommune har fokus på faglege kvaliteten, korttidsplassar og rehabilitering i institusjon. Vi deltek i store prosjekt som Akuttkjedeprosjektet og Primærhelseteam , noko som påverkar heile helse og omsorg i positiv retning.
Stillinga inneber følgande ansvarsområde:
- Resultat og økonomiansvar
- Fagleg ansvar for verksemda
- Personalansvar
Vi ønsker ein person som:
- Er utdanna offentleg godkjent sjukepleiar
- Har utdanning innan leiing og har erfaring frå liknande arbeid
- Er løysingsorientert
- Har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Er sjølvstendig og ansvarsbevisst
- Har evne til å tenke nytt og framtidsretta
- Har god kjennskap til kvalitetsarbeid og krav til internkontroll
- Har kjennskap til velferdsteknologi og nye arbeidsmetodar.
Personleg eigenskapar vil bli vektlagd. For tilsetting i stillinga blir det stilt krav til godkjend politiattest.
Stillinga er ledig så raskt som råd.
Søk elektronisk på: www.seljord.kommune.no
Søknadsfrist: 23. september 2020.
Om bedriften