Kokk på Tysnes omsorgssenter
Tysnes kommune
Rådhuset, 5685 Uggdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kokk Tysnes omsorgssenter
Type ansettelse
Fast, deltid 94%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. desember
Tysnes omsorgssenter ligg i nye, fine lokaler, i eit moderne bygg som stod ferdig i 2017. Tysnes omsorgssenter har 30 bebuarar i institusjon. 10 omsorgsbustader og eit dagsenter for personar med demens.
Heimetenesta er lokalisert i samme bygg, og me har eit tett samarbeid for å sikre gode tenester.
KjøkkentKjøkkenet er ei av tre avdelingar og består av to kokkar, inkl. avdelingsleiar og reinhaldspersonell, til samen seks personar. På
omsorgssenteret har me felles lunsjrom i lag med resten av huset.
Kjøkkenet produserer middag 5 dagar i veka etter kok/kjøl metode til institusjonen og til heimebuande.
Me legg vekt på god, næringsrik mat, laga frå grunnen etter lokale tradisjonar. Og me samarbeider tett med avdelingane for å sikre persontilpassa ernæring og gode matopplevingar for brukarane.
Me har ei stabil og faglig trygg gruppe tilsette med eit godt samhald. Les meir om kva me verdsetter i arbeidsmiljøet her hos oss
Me søkjer no etter ein ny kollega til kjøkken, i fast 94 % stilling.
Du vil få varierte arbeidsoppgåver og jobbar tett med avdelingsleiar/kjøkkensjef. Du blir del av ei avdelinga som
Arbeidstid på dagtid, 07:30 - 15:00, med fri på helg og heilagdagar.
Trykk her for å sjå deg rundt på kjøkkenet og personalrommaTrykk her for å sjå deg rundt på omsorgssenteret
Arbeidsoppgåver
- Dagleg matproduksjon av middag, dessert og varm lunsj, fem dagar i veka.
- Samarbeida med avdelingane ved å forsyne dei med forbruksvarer etter bestilling.
- Samarbeida med heimetenesta og friviljuge rundt levering av middag til heimebuande.
- Trer inn for avdelingsleiar kjøkken ved fråver.
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis fagbrev som institusjonskokk.
- Relevant erfaring kan kompensere for fagbrev.
- Erfaring med kok/ kjøl produksjon av mat er eit føremon.
- Me ønskjer at du har erfaring med ulike diettar og samanheng mellom ernæring og helse.
- Det er positivt om du har god kjennskap til norsk tradisjonskos.
- Kjennskap til IK mat system, krav og forskrifter.
- God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner.
- Ansvarleg og kan arbeide sjølvstendig.
- Er fleksibel og ser løysingar.
- Er open for vidare utvikling av metoder og organisering.
Me tilbyr
- Stillingsstorleik: 94 % med arbeid måndag til fredag.
- Eit godt arbeidsmiljø, med kjekke kollegaer.
- Nytt og moderne utstyr og lokaler.
- Løn etter kvalifikasjoner.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
- Flyttegodtgjerdsel om du ønskjer å flytte til Tysnes.
- Ein arbeidsplass som har eit inkluderande arbeidsliv.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår.
Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar
uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det
same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me
ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Oddrun Gravdal Flatråker, Avdelingsleiar kjøkken, oddrun.gravdal.flatraker@tysnes.kommune.noHelga Nilsen Boland, Einingsleiar Tysnes omsorgssenter, 95 17 68 46
Arbeidssted
Rådhuset5685 UGGDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Tysnes kommuneReferansenr.: 4878298803
Stillingsprosent: 94%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Helga Nilsen Boland
Einingsleiar Tysnes omsorgssenter
95 17 68 46
Om bedriften
Draumen om livet på landet, finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt øykommune sør for Bergen, og om du spør oss: verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å leva og bu i.
Tysnes er ein hjarteforma kommune nord i Sunnhordland. Perfekt for deg som er på jakt etter ein roleg og eventyrleg livsstil. Me har kort veg til kringliggande byar, og me trur du vil bli overraska over kor mykje kystkommunen har å tilby.
Me har flotte badeplassar og skianlegg på fjellet, frodig natur og skiftande landskap. Frå høgfjell til idylliske hamner, med gode moglegheiter for friluftsliv.
Eit rikt lags- og organisasjonsliv gjer eit variert fritidstilbod til både vaksne og unge. Småskalaprodusentar byr på ekte og økologiske smaksopplevingar. Øya byr på eit riktig kulturliv gjennom heile året, med Tysnesfest om sommaren som den største.
Sentralt plassert, men likevel langt nok unna kjaset og maset til bylivet. Det betyr at du kan nyta frisk luft, kulturelle storhendingar og avslappande ro. Med uendelege høve til å utforska fjell og fjord, er Tysnes den perfekte staden å kalla heim.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2796109
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5ac472d80a0542198c22d95f80660042