Sommarvikarar 2025
Gulen kommune
Gulafjordvegen 1519, 5960 Dalsøyra, 5961 Brekke, 5963 Dalsøyra, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sone BBD. Sommarvikarar 2025
Type ansettelse
Sesong, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. mars
Sommarvikarar
Ute er det surt, men me har begynt å tenkje på sommarturnusen;)Gulen kommune har behov for ferievikarar sommaren 2025 i sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD). Søkjarane må skrive i søknaden om det er periodar dei ikkje kan jobbe i sommar/eventuelt andre avgrensingar, samt om ein ynskjer å jobbe i spesielle avdelingar (Brekke, Byrknes eller Dalsøyra). I hovudsak er det snakk om arbeid i perioden: veke 25- 33.
Kommunen har, for tida, ekstra tillegg på helg.Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Vi ynskjer sommarvikarar som vert motivert av å gje ein god og stabil kvardag for bebuarane og alle er velkomne til å søkje; både med og utan helsefagleg bakgrunn. Det vil verte gjeven opplæring. Søkjarar med helsefagleg bakgrunn/utdanning vil verte prioritert.
- Dei som skal jobbe i heimetenestene må ha førarkort klasse B
- Må kommunisere godt på norsk - både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi ynskjer ferievikarar som er fleksible, stabile, tar initiativ og ynskjer å bidra til å gje gode tenester til brukarane
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøteneste, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
Kontaktperson for stillingen
Aina Furebotn
Einingsleiar Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra
+4757781654
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted