Overlege i Bryst- og Endokrinkirurgi
Kirurgisk klinikk/ Avdeling for Bryst- og Endokrinkirugi, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Overlege i Bryst- og Endokrinkirurgi
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest lørdag 30. november
Avdeling for Bryst- og Endokrinkirurgi er ein del av Kirurgisk klinikk, Haukeland Universitetssjukehus. Aktiviteten i avdelinga dekkar alle område innan utgreiing og behandling for fagområdet Bryst- og Endokrinkirurgi (brystkreftkirurgi/ thyreoidea- og parathyreoideakirurgi/ binyrekirurgi). Vi har oppgåver som lokalsjukehus i Helse Bergen og Regionsjukehus i Helse Vest. Avdelinga har eit veletablert tverrfaglig samarbeid klinisk og forskningsmessig innan brystkreft og endokrinkirurgi. Vi har kvart år om lag 700 inngrep på bryst, 400 inngrep på thyreoidea/parathyreoidea og 30-40 inngrep på binyrer. Det er årleg om lag 7000 polikliniske konsultasjonar. Utanom klinisk arbeid knytt til sengepost, poliklinikk og operasjon, vil den som vert tilsett også ha oppgåver knytt til forskning, kompetanseheving, utdanning, undervisning av studentar og rettleiing. Den som vert tilsett må vera spesialist i Bryst- og Endokrinkirurgi. Vidare legg vi vekt på gode evner til kommunikasjon og evne til samarbeid internt i avdelinga og tverrfagleg innan sjukehus, region og nasjonalt.
Arbeidsoppgåver
- Klinisk arbeid knytt til visitt på sengepost, poliklinikk og operasjon
- Oppgåver knytt til kompetanseheving, utdanning, undervisning og rettleiing
- Oppgåver knytt til kvalitetsutvikling
- Bakvakt, 8-delt, innan Bryst- og Endokrinkirurgi
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Erfaring frå utvikling av rutinar og prosedyrar
- Gode datakunnskapar
- Spesialist i Bryst- og Endokrinkirurgi
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig, nøyaktig og målretta med arbeidsoppgåver
- Er ansvarsbevisst og pasientorientert
- Kan prioritere når situasjonen krev det
- Har respekt for den enkelte pasient og kollega
- Har gode kommunikasjonseevner
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Er lojal og trivast med tverrfagleg teamarbeid
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Høgt fagleg nivå med moglegheiter for forsking
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Anette Heie, Avdelingssjef, 97647525, anette.heie@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4876804870
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2793659
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9b2ca2e4643d4237bc2bb39066bf40dc