Miljøterapeut
Sikkerhetspost,Valen sjukehus
Sjukehusvegen 26, 5451 Valen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut - Sikkerhetspost Valen
Oppstart
6. januar 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 28. november
Vi søkjer miljøterapeut til Valen!
Sikkerhetsposten på Valen sjukehus sitt samfunnsoppdrag er å gje behandling til alvorleg psykisk sjuke pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personale og samfunnet for øvrig, er ei av dei viktigaste oppgåvene våre. Målsetjinga vår er å gje alle våre pasientar moglegheit til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tek omsyn til samfunnets trong til tryggleik.
Sentrale oppgåver på avdelinga er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gje omsorg og behandling. Kvar pasient har eit tverrfagleg team, kor miljøpersonal, psykiater/psykolog, aktivitør og sosionom samarbeider om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle.
Pasientane våre kan vere innlagt over lang tid, medan andre har kortare opphald. Pasientane sine ressursar og sårbare sider er det uansett god tid til å bli kjend med.
Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar?
For å oppretthalde samansetninga i personalgruppa vert menn oppmoda om å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapi til pasientar som treng behandling i sikkerhetspsykiatrisk døgnpost
- Du deltek i miljøbehandlinga i eit team beståande av psykiater, psykolog, sjukepleiar, miljøterapeut, sosionom, helsefagarbeidar
- Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring
- Du vil få medansvar for å koordinere den miljøterapeutiske behandlinga i posten
- Vere med å vurdere og lage handteringsplanar ift valdsrisiko
- Utforme kortsiktige- og langsiktige behandlingsplanar
Kvalifikasjonar
- Miljøterapeut der desse utdanningane kan vere aktuelle: sosionom, ergoterapeut, barnehagelærar, spesialpedagog / pedagog, bachelor innan idrett, helse og ernæring
- Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatr
- Miljøterapeut må ha minimum eit års arbeidserfaring innan studieretning
- Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid og rus er ønskeleg
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
- trivst i eit aktivt og travelt miljø
- er tilpasningsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
- likar å jobbe tverrfagleg og er ein god teamarbeiar
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- etterspør rettleiing
- er lojal i forhold til avgjerdsler
Vi tilbyr
- Grundig opplæring
- Kurs i MAP - møte med aggresjonsproblematikk
- Opplæring i voldsrisikovurdering
- Studieveke 35,5 timer årleg i 100% stilling når du har jobba eit år på posten
- Fagleg og personleg utvikling
- Vi har eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar
- Medlemskap i pensjonsordning , 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er
kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,
funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt
eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for
inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Monica Lindseth, Funksjonsleder, 53466483Tore Petterteig Opsanger, 53466483
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 265451 Valen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4884829683
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 06.01.2025
Søknadsfrist: 28.11.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Tore Petterteig Opsanger
53466483
Monica Lindseth
Funksjonsleder
53466483
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2791402
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4f4308a58d5c4bdeac184ccbfe9db277