Kommunefysioterapeut
Søknadsfrist: 27.01.21 Tokke kommune søkjer ein offentleg godkjent fysioterapeut i 100% stilling (80% fast og 20% engasjement i eit år som evt. kan vidareførast). Arbeidet vil vere tett knytt opp mot kommunale fysioterapioppgåver, kvardagsmeistring og Frisklivssentral. Kommunen har to kommunale fysioterapistillingar, ein ergoterapeut i full stilling, samt to fysioterapeutar med driftstilskot som driv eige institutt.
Arbeidsoppgåver:
- Sikre eit godt fysioterapitilbod til Tokke kommune sine innbyggjarar
- Utføre kartlegging, behandling og opptrening av personar i alle aldrar både i heimen, på institusjon, i barnehage og skule, samt på helsestasjon.
- Drive og vidareutvikle det førebyggjande helsearbeidet i kommunen i form av individuelle samtaler, gruppetilbod og kurs gjennom Frisklivssentralen i Tokke
- I stillinga ligg det eit bredt fagleg samarbeid med andre tenester, internt og eksternt
Kvalifikasjonar:
- Godkjent autorisasjon som fysioterapeut
- Erfaring med kommunal fysioterapi
- Det er en fordel med interesse for tverrfagleg arbeid med pasientar i alle aldrar
- Erfaring med leiing av ulike treningsgrupper
- Kompetanse/ erfaring med arbeid i Frisklivssentral
- Gode datakunnskapar
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha evne til å strukturere og koordinere arbeid i ein hektisk kvardag
- Medansvar for å fremje eit godt arbeidsmiljø
- Bidra til å skape kontinuitet, kvalitet og stabilitet på arbeidsplassen
God norskspråkleg formidlingsevne skriftleg og munnleg er nødvendig.
Me tilbyr spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i engasjerte fagmiljø.
Du som søkjer må inneha førarkort klasse B og politiattest av seinare dato må leverast.
Personlege eigenskapar, fleksibilitet og samarbeidsevner vil verte vektlagde og referansar vil verte nytta.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Nærare informasjon om stillinga kan rettast til avdelingsleiar helse Evy Katrin Aamlid Tlf: 35075530/ 41100975.
Kopi av rettkjende attestar og vitnemål sendast ved førespurnad eller ved frammøte til intervju.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Det elektroniske søknadsskjemaet må fyllast ut så fullstendig som mogleg.
Tiltreding: Snarast
Velkomen som søkjar!