ID 2280 Barne- og ungdomsarbeidarar - Leirvik skule
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
barne- og ungdomsarbeider, Fagarbeidar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 40%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. mars
Leirvik skule med sine om lag 340 elevar og 50 tilsette, er den nest største av sju barneskular i Stord kommune og ligg plassert i sentrum. Skulen jobbar med satsingsområdet <<Alle me(d)>>, som inneber at det blir jobba spesielt med kjernekomponentane inkludering, overgangar, fleirlærarmetodikk og barnets beste, i tillegg til LK20 (fagfornyinga), rammeplan (SFO) og trygt og godt læringsmiljø for alle i skule og SFO.
Leirvik skule søkjer deg som trivast å vere saman med barn og ønskjer å jobbe i ein trygg og god SFO. Me held til i sentrum, med kort avstand til det meste.
Me har ledig fire faste 40% stillingar i SFO frå hausten 2025. Arbeids- og ansvarsområde:-
Vere med å planlegge, organisere og gjennomføre det pedagogiske arbeidet på skulen og i SFO
-
Medansvar for den heilhetlige omsorga for det enkelte barn
-
Ha oversikt over planar og daglege aktivitetar
-
Vere med å oppretthalde og utvikle eit godt foreldresamarbeid
-
Delta i endrings- og utviklingsarbeid
-
Bidra til eit godt og trygt miljø i skule og SFO
-
Legge til rette for leik og læring
-
Delta på samarbeidsmøte og planleggingsdagar
-
Jobbe i tråd med SFO sine verdiar, årsplanar og rammeplanen
-
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
-
Anna relevant utdanning eller kompetanse
-
Det er ønskeleg med erfaring frå skule/SFO og/eller arbeid med born
-
Beherske digitale verktøy
-
Det er ønskjeleg med erfaring frå skule/SFO og/eller arbeid med barn
-
Den som vert tilsett må leggja fram politiattest. jf. Opplæringslova § 10-9. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men leverast snarast etter tilbod om tilsetjing og før tiltreding.
-
Du er positiv, fleksibel og løysingsorientert
-
Du har eit varmt hjarte samtidig som du kan setje tydelege grenser og trygge rammer for barna
-
Du er engasjert, tar ansvar og ønskjer å bidra med din kompetanse
-
Du har gode relasjonelle ferdigheiter i møte med barn, foreldre og kollegaer
-
Du har godt humør og er god på samarbeid
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Nærare opplysningar får ein ved å venda seg til:
Kesia Palmer, rektor Leirvik skule og SFO, mobilnummer 926 46 805
Katrine B. Eskeland, avdelingsleiar SFO, mobilnummer 469 43 889
Dersom søkjar ønsker å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje vert teke til følgje.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland, og ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger. Stord er ein utviklingsorientert industrikommune med ein maritim sektor som er verdsleiande m.a. når det gjeld å utvikle grøne løysingar. Kommunen har ambisjonar som ein attraktiv vekstkommune under visjonen <<Saman om utvikling og velferd>>, og har mål om å bli nullutsleppskommune innan 2030. Stord har mange og varierte tilbod innanfor privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett, kultur og friluftsliv. Kommunen har nær 19.000 innbyggjarar.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2853986
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
a2bacfeb-072b-454e-8cd2-0472f7dfe756