Avdelingsleiar ved Giske ungdomsskule
Oppvekst, Giske kommune
Valderhaug 4, 6050 Valderøya
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar ved Giske ungdomsskule fast stilling
Type ansettelse
Fast
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Giske ungdomsskule har ledig fast 100 % avdelingsleiarstilling frå snarast.
Bur det ein leiar i deg? Kunne du tenkje deg å bli ein del av skulen si leiargruppe og jobbe med pedagogisk leiing, personalleiing og administrative oppgåver? Leiargruppa har felles ansvar for skulen si pedagogiske utvikling og resultat.
I 2021 vart alle ungdomsskuleelevane i kommunen samla på Giske ungdomsskule. Skulen er lokalisert på Valderøya og har ca 350 elevar. Neste skuleår vert det 5 klasser på kvart trinn.
Leiargruppa er rektor og 3 avdelingsleiarar. Rektor vil fordele arbeidsoppgåvene mellom avdelingsleiarane ut frå kompetanse, erfaring og interessefelt. Undervisningsdelen i stillinga er 50 %, men dette kan endrast ved behov. Arbeidsåret er normalarbeidsår med høve til avspasering etter avtale med rektor.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Gyldig politiattest må leggast fram. Administrasjons-/undervisningsmålet er nynorsk.
Løn etter avtale og kvalifikasjonar – god pensjonsordning i KLP
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med med søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Involvere og inkludere elevar, tilsette og foreldre i å utvikle skulen i tråd med sentrale og lokale styringssignal
- Fagleg og administrativt ansvar i samsvar med tildelte fullmakter, dette inkluderer personalansvar og HMS-ansvar for trinnet
- Pedagogisk utviklingsarbeid, koordinering av vikarbehov, elev og foreldreundersøkingar, heim-skule arbeid, oppfølging av elevsaker
Kvalifikasjonar
- Godkjent pedagogisk utdanning frå universitet / høgskule
- Relevant leiarutdanning er ønskjeleg – om ikkje du har leiarutdanning må du vere innstilt på å tileigne deg det innan få år – gjerne rektorskulen
- Relevant undervisningskompetanse - gjerne relevant leiarerfaring
- Kunnskap om relevant lovverk i tillegg til kunnskap om pedagogisk utviklingsarbeid og administrativt arbeid
- God digital kompetanse
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Førarkort for bil
Personlege eigenskapar
- Evne til å vere ein målretta, motiverande og tydeleg leiar som i lag med leiargruppa legg til rette for utvikling og læring
- Lyttande og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner – god relasjonskompetanse
- Evne til å arbeide ryddig og strukturert
- Evne til å jobbe heilskapleg og prioritere innsats og ressursar
Vi tilbyr
- Elevar som er ein ressurs i læringsarbeidet
- Føresette som engasjerer seg i skulen, støttar og utfordrar
- Tilsette med kapasitet for elevsentrert utvikling og endring
- Samarbeid med fagleg engasjerte og kompetente tilsette og leiarkollegaer
Giske kommune sine verdiar er: - Kvalitet - gjennom klar kommunikasjon, kompetanse og læring/utvikling
- Løsingsvilje - gjennom heilskapleg tenking, handlekraft og kreativitet
- Engasjement - gjennom meininsfylte oppgåver, trivsel og arbeidsglede
- Respekt - gjennom å vere imøtekomande, påliteleg og involverande
Kontaktinformasjon
Gry Støbakk Ytterland, einingsleiar / rektor, +47 92652950Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4835131626
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.08.2024
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2692181
- Sist endret
18. august 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f724b88d77974827a7e53617dfd41e4b