COOP MARKED FISKÅ søker tilkallingshjelp/ ferievikar
Vi har ledig stilling som tilkallingshjelp/ ferievikar og søkjer etter ein medarbeidar som kan stille på kort varsel ved uventa fråvær i butikken, når vi har ekstra behov i høgsesongar, og som ferievikar i sommarsesongen under ferieavviklinga. Arbeidstidene er på dagtid, kveld og laurdagar. På sikt kan det bli mulighet for deltidsstilling i fast turnus. Du må ha fylt 18 år, og du må kunne snakke og skrive norsk.
Arbeidsoppgåver
- Kundebehandling
- Kasse
- Post/tipping
- Varemottak / vareplassering
- Førefallande reinhald og rydding
Våre forventningar til deg: Du er hjelpsam og imøtekommande, og trivst med sal og kundebehandling. Du jobbar effektivt og målretta, kan vere fleksibel, og jobbar godt både sjølvstendig og i team. Det er viktig for oss at du medverkar til eit godt arbeidsmiljø i butikken og trivsel for kundane våre.
Vi kan tilby varierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får nødvendig opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-læringskurs. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtaler. Vi har rabattavtaler for tilsette.
Spørsmål om stillinga kan rettast til butikksjef Maria Nordal på telefon 99521397 eller epost: maria.nordal@coop.no
Søknad og CV registrerast digitalt.
Søknadsfrist: 30.04.2024