Psykologspesialist
Kronstad distriktspsykiatriske senter/ Kronstad Allmennpoliklinikk 1, Helse Bergen
Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Psykologspesialist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. januar
Kronstad Distriktpsykiatrisk Senter (DPS) held til ved Danmarksplass. Kronstad DPS er i utvikling, og vi er heile tida opptatt av å tilpasse oss dei
endringar vi ser i behova retta mot oss. Vi har oppretta eit fagteam for
spiseforstyrringar, og eit fagteam for nevroutviklingsfortyrringar. Vi har etablert eit FACT Allmennteam som første i vår region, og vi har eit Tidleg Avklaringsteam som har
spesialistar i front for vurdering av kompliserte eller uklare tilvisingar.
Kronstad DPS er delt inn i fleire seksjonar, herunder to store
allmennpoliklinikkar som har ansvar for bydelane Bergenhus, Årstad og
Ytrebygda. Poliklinikkane er bemanna med god fagleg breidde, der
overlegar, psykologspesialistar og psykologar, psykiatriske sjukepleiarar og
sosionomar inngår. Vi har også jobbspesialistar frå NAV tilknytta
poliklinikkane. I tillegg har vi jamnleg både legar i spesialisering og
psykologstudentar i praksis.
Kronstad Allmennpoliklinikk 1 har ei ledig stilling for psykologspesialist!
Poliklinikkane har fleire medarbeidarar med fordjuping og spisskompetanse innan
mellom anna psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, sensorimotorisk terapi,
emosjonsfokusert terapi, m.m, i tillegg til at fleire medarbeidarar har
vidareutdanning innan andre spesifikke utgreiings- og behandlingsmetodar.
Poliklinikken har òg fleire tilsette med forskingskompetanse. Totalt
treng vi kompetanse for å greie ut og behandle ein pasientpopulasjon med
varierte vanskar; traume, autismespekter forstyrringar, ADHD, angst, depresjon,
alvorlege affektive lidingar, personlegdoms-utfordringar m.m.
Som eit ledd i å forbetre tenestene våre, og samtidig forbetre kvardagen for den einskilde behandlar, har vi ved Kronstad DPS innført "Ny
poliklinisk kvardag". Dette inneber mellom anna at alle behandlarar har
ein dag i veka som kan nyttast til arbeid som ikkje inneber direkte
pasientkontakt.
Vidare har alle spesialistar ein dag avsett for å vere
tilgjengelege for ikkje-spesialistane når det til dømes er nødvendig med
drøftingar, felles konsultasjonar med pasientar eller anna arbeid som er nødvendig å bidra inn i med spesialistkompetanse. I 2025 startar vi også opp med eit systematisk opplæringsprogram spesielt retta mot medarbeidarar som ikkje er spesialistar. Dette programmet
har som føremon å sørge for at alle har tilstrekkeleg kunnskap til å utføre
arbeidet i poliklinikkane i tråd med gjeldane lovar og regelverk, og samstundes
bidra til å kontinuerleg auke kompetansen vi sit med kvar for oss og saman. Som
psykologspesialist i poliklinikk vil du også få oppgåver knytta til dette
opplæringsprogrammet og såleis vere ein verdfull bidragsytar til at vi aukar
kvaliteten på tenestene våre.
Stillinga
er ledig etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
- DPSane i psykisk helsevern er i utvikling, og den som blir tilsett må rekne med å vera delaktig i denne utviklinga. Vi er opptatt av å gje pasientar rett hjelp til rett tid, å differensiere mellom ulike typar av behandling, og å gje rett omfang av hjelp til den enkelte pasient, samstundes som ein syter for at alle som treng hjelp, får hjelp
- Dette krev ei viss prioritering av ressursane klinikken styrer over. Spesialistar som er tilsett vil òg måtte ta i vare spesialistansvaret for pasientar der hovudbehandlar ikkje er spesialist. Som universitetsklinikk har vi jamleg studentar i praksis, og i føretaket utdannar vi psykologar og legar i spesialisering. Rettleiing av desse, er ein del av dei arbeidsoppgåvene spesialistane i seksjonen må pårekne. Det kan og påreknast å veilede psykologar i andre seksjoner ved DPSet
- Samarbeid med andre delar av behandlingsapparatet både internt og eksternt vil vere viktige arbeidsoppgåver. Det same gjeld samarbeid med pårørande i enkelte tilfelle, og med instansar som NAV, skule og/eller arbeidsgievar i nokre tilfelle
- Hovudoppgåver vil i poliklinikkane vere utgreiing, diagnostisering og behandling av tilviste pasientar med eit breitt spekter av ulike psykiske lidingar. I SAT vil hovudoppgåvene vere vurdering og handtering av akuttilstandar, deriblant kortvarig behandling/stabilisering gjennom krise, vidare tilvising til høgare (t.d. døgnpost), same (t.d. poliklinikk) eller lågare omsorgsnivå (t.d. kommunal helseteneste)
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett må framlegge norsk autorisasjon som psykolog
- Den som blir tilsett må vere godkjend spesialist i klinisk psykolog med vaksne/spesialist i klinisk psykologi med fordjuping i psykoterapi/erfaren psykolog med kort tid igjen av spesialiseringsløpet. Psykologar med andre spesialitetar kan også vere aktuelle for stillinga etter nærmare vurdering
- Klinisk erfaring innanfor ein allmennpsykiatrisk/poliklinisk pasientpopulasjon er ein fordel
- Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg. Språkkunnskapar og ferdigheitar utover norsk vil vere ein fordel
Personlege eigenskapar
- Motivasjon og interesse for arbeidsform og fagområde. Nærare opplysningar om korleis vi jobbar allmennpoliklinisk på Kronstad DPS kan gis ved henvendelse
- God fagleg vurderingsevne, og evne til å arbeide målretta og strukturert. Som psykologspesialist hos oss vil du måtte pårekne å foreta vurderingar av pasienter som du ikkje kjenner godt sjølv. Det er difor nødvendig at du kan bistå andre behandlarar på ein fagleg trygg, målretta og strukturert måte
- Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team blir vurdert som særs viktig. På Kronstad DPS er vi opptatt av at arbeid i team skal løyse oppgåver som berre eit team kan løyse. Det er difor viktig at du meistrar både sjølvstendig arbeid og arbeid i team
- Vi jobbar tverrfagleg og den som blir tilsett må trivast med ein slik jobbkvardag. Samarbeid både internt og eksternt med kollegaer med forskjellig fagutdanning derfor også forskjellige faglege perspektiv anser vi som særs viktig og nødvendig. Du må derfor både kunne stå trygt i eigne faglege vurderingar, samstundes som du kan forstå og ta hensyn til andres faglege perspektiv som er annleis enn ditt eige
- Vi ønsker oss ein kollega som er engasjert og fleksibel, og som også kan vera tydeleg om det er nødvendig
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheitar ser vi på som viktige for ein psykologspesialist hos oss. Du må kunne komme med gode forklaringar på dine vurderingar og konklusjonar
- Den som blir tilsett må etter ein heilheitsvurdering vera skikka til stillinga
Vi tilbyr
- Stillinga blir lønna etter gjeldande overeinskomst
- Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar
- Vi kan tilby utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Vi har eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer både internt i poliklinikken og elles på DPSet
- Vi jobber kontinuerleg med å forbetre tenestene vår og kvaliteten på dei. Det vil difor også vere mogleg å delta i kvalitetsforbetring og tenesteutvikling for den som blir tilsett
Du kan bli bede om å framlegge godkjende kopiar av vitnemål, autorisasjon og kursbevis.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Per Birkhaug, Konst. seksjonsleiar, 55956000Arbeidsstad
Fjøsangerveien 365053 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4880070898
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Per Birkhaug
Konst. seksjonsleiar
55956000
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2811145
- Hentet fra
talentech
- Referanse
dcf8a3fb0abd45009f09a38d1bc955ad