Lærar
Bø skule
Gamleveg 71, 3802 Bø i Telemark, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar - fast/vikar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 10. mars
Vi søkjer fagleg dyktige og engasjerte lærarar som ønskjer å gjere ein forskjell i elevars skulekvardag!
Vi har ledige stillingar, fast og vikariat, frå 01.08.2025. Utlysinga gjeld stillingar på alle trinn i barneskulen.
Bø skule er ein barneskule med 460 elevar og 75 tilsette. Vi er opptatt av å inkludere alle elevar i læringsmiljøet og å ruste elevane for livet og framtida. Vårt motto er: SKO deg for livet! SKO = Samarbeid, kontinuerleg framgang og omsorg.
Bø skule jobbar med utviklingsarbeid innan inkluderande læringsmiljø og utforskande praksis i samarbeid med USN. Skulen har fokus på praktiske og estetiske fag, i tillegg til dei grunnleggjande ferdigheitene; lesing, skriving, rekning, munnleg og digital kompetanse. Vi har dyktige tilsette som kvar dag arbeider for at elevane skal ha eit trygt og godt læringsmiljø.
Kvalifikasjonar
Krav til utdanning
- GLU 1-7 og GLU 5-10, allmennlærarutdanning, faglærarutdanning med PPU, eller anna godkjend lærarutdanning
- Lærerar med godkjent antall studiepoeng i fag: Norsk, engelsk, matematikk, musikk, m.fl.
- Vi ønskjer lærarar med spesialpedagogisk kompetanse
- Vi ønskjer lærarar som kan vere kontaktlærar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som- er positiv og har rause haldningar
- har gode samarbeidsevner og vil vere med å utvikle skulen
- er tydeleg på klasseleiing
- har evne til å skape eit godt læringsmiljø
- evnar å bygge gode relasjonar med elevar, føresette, kollegar og eksterne samarbeidspartnarar
- er fleksibel i skulekvardagen
- likar utfordringar
Personlege eigenskapar vektleggast
Vi tilbyr
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Ruth Olaug Tellnes, Rektor Bø skule, +47 99022024, rute1501@mt.kommune.noArbeidsstad
Gamleveg 713802 Bø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 4924051131
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Me ønskjer å bidra til og gi alle barn og unge i Midt-Telemark kommune ein trygg og god oppvekst. Med fokus på vaksne som er til stades, har evna til å skape trygge relasjonar og som jobbar med å inkludere alle i kvardagen. Barn og unge skal få medverknad i eigen kvardag, for saman skaper me framtida.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2864804
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2b7a87493f5b4808b3c0a0c664a9e0d0