Ferievikarar 2024
Hessa-Borgund heimetenestedistrikt
Nørvegata 1 c, 6008 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikarar 2024
Antall stillinger
1
Har du lyst på ein spennande og meiningsfylt feriejobb?
Vi treng fleire dyktige og motiverte medarbeidarar, og kanskje du er ein av desse?
I siste del av juni, juli og august treng vi fleire til å gje praktisk bistand og utføre pleie- og omsorgsarbeid i heimetenesta og bukollektiv innanfor helse- og omsorg.
Vi ønskjer difor å kome i kontakt med deg som kanskje er under utdanning, eller som har lyst til å bli kjend med eit nytt yrke.
Vi treng sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, miljøterapeutar, miljøarbeidarar og assistentar.
Har du inga erfaring frå slikt arbeid, så kan vi gje deg god opplæring!
Vi har base for heimeteneste i Kjøpmannsgata, ved Kliprasenteret og Vågaveien 27. Volsdalen bokollektiv i Nørvegata 1c har også behov for ferievikarar i tillegg til avdelingane for heimeteneste.
Fortløpande tilsetting.
Arbeidsoppgåver
- Varierte oppgåver i ein innhaldsrik arbeidskvardag i direkte møte med mennesker.
- Pleie og omsorg for våre brukarar.
Kvalifikasjonar
- Søkar må vere fylt 18 år for vikariat i heimetenesten, ved Volsdalen bokollektiv kan du også være litt yngre
- Søkarar må kunne jobbe minimum 5 veker i månedane juli/august (Hovedferie for våre tilsette er frå 22. juni til 16. august).
- Det krevst norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
- For arbeid i heimetenesten er det positivt om du har bilførerkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Du er: Ein medarbeidar som kan stille deg bak verdigrunnlaget vårt; open, engasjert og modig.
- Gode samabeids- og kommunikasjonsevner vektleggast. .
Vi tilbyr
- Spennende og meningsfylt arbeid innan våre tenester innanfor helse- og omsorg.
- Ein garanti om at din innsats er viktig og av stor betydning for brukarane våre.
- Studentar med helse- og sosialfagleg utdanning som har avslutta 4. semester blir tilsett som assistent men løna som fagarbeidar.
- Ferdig utdanna sjukepleiarar og vernepleiarar kan få ein bonus på kr 10 000,-. Kriteria er at ein etter avtale med leiar må arbeide til saman 6 veker sommarvikar i 100 % stilling i perioden veke 25 – 34 i 2024. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Gjeld sjukepleiar- og vernepleiarstillingar i aktiv pleie innan kommunalområde Helse og omsorg og Velferd og sysselsetting. Bonusordninga gjeld for reelt utført arbeid, i praksis betyr dette at bonusen vert avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller anna fråvær. Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.
- Gratis parkering
Kontaktinformasjon
Tonje Brande, Avdelingsleiar, 70 16 23 71Ørjan Våge Lillestøl, Avdelingsleiar, 70 16 27 71
Kristin Olsen, Avdelingsleiar, 70 16 31 59
Veronica Dyb Olsen, Avdelingsleiar, 70 16 31 48
Gerd Cathrin Pilskog, Avdelingsleiar, 70 16 29 74
Ann Elin Melbø Myklebust, Verksemdsleiar, 70 16 31 55
Arbeidsstad
Nørvegata 1 c6008 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4742887892
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2024
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2514745
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b4dee6524c3042d7baa014a139f9657b