Sjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4331133898 Presentasjon av stillingen:
Tysnes omsorgssenter er i eit nytt og moderne bygg, i Uggdal. Me har til saman 30 institusjonsplassar, med eigen avdeling for personar med demens og 5 plassar til korttids- og rehabiliteringsopphald. Det er også knytt KAD-plass til eine avdelinga, der det vert gitt tilbod om augeblikkeleg hjelp som alternativ til innlegging på sjukehus. Stillinga som no er ledig er knytt til miljøeing for personar med demens, med noko arbeid på tvers av avdelingane.
Me samarbeider tett med heimetenesta, for å sikre gode tenester og eit heilskapleg pasientforløp. Me har fokus på rehabilitering og eigenomsorg. I bygget har me fysioterapi, frisør og fotpleie.
Me søkjer no etter ein ny medarbeidar, med autorisasjon som sjukepleiar. Stillinga er fast, 80 %. På sikt kan det verte mogleg å auke stillingsstorleik, ettersom me er i startfasen på eit prosjekt der me skal over på kalenderturnus og samstundes auka grunnbemanninga. Målsettinga med dette prosjektet er at me skal kunne løyse vikarbehov med eigne tilsette.
Arbeidsoppgåver
- Heilskapleg ansvar for pleie- og omsorg relatert til bebuarane, med tilhøyrande sjukepleiarfaglege oppgåver og vurderingar
- Miljøarbeid
- Lage og følgje opp pleieplanar og prosedyrar
- Deltaking i gruppemøter, dagleg rapportering og ulike fagmøter
- Rettleiing av personalet og tverrfagleg samarbeid
- Pårørandesamarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Dersom me ikkje lukkast rekruttera sjukepleiar, vil me vurdere mellombels tilsetjing av helsefagarbeidar for eit år.
- Relevant erfaring og kjennskap med brukargruppa
- Tverrfagleg forståing - saman yt me best teneste
- Gode grunnleggjande datakunnskap
- God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg
- Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetjing
Utdanningsretning
- Medisin / Helse/ Sosialfag
Utdanningsnivå
- Høgskule / Universitet
Personlege eigenskapar
- Du ser verdien av ei heilskapleg og personsentrert omsorg, og fordelar med aktivitet og mobilisering av brukarane sine ressursar
- Du brenn for faget, tek ansvar og arbeider målretta med pasientplanar, og oppfølginga av desse.
- Du er vennleg og tillitsvekkande, fleksibel, viser initiativ, og er delaktig i utviklinga for godt pasientarbeid og arbeidsmiljø
- Du har pågangsmot, har løysingsfokus og gode samarbeidsevner.
- Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 80 %
- Turnusarbeid, dag/kveld med arbeid kvar 3. helg
- Løn etter kommunalt regulativ
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP
- Ein arbeidsplass som har eit inkluderande arbeidsliv, IA- verksemd
Kontaktinformasjon
Hildur Heie, Helse- og sosialsjef, 976 57 601, hildur.heie@tysnes.kommune.no
Helga Nilsen Boland, Einingsleiar, 951 76 846, helga.n.boland@tysnes.kommune.no
Arbeidsstad
Tysnes omsorgssenter
5685 Uggdal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommune
Referansenr.:4331133898
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 24.01.2021
Om bedriften
Tysnes kommune er ei øygruppe i Sunnhordland, litt sør for Bergen. Samla areal er på 255 km^2^ og innbyggartalet er på om lag 2800. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.