AKTIVITØR - AKTIVITETSLEIAR
Stiftelsen Sosialbygget søkjer etter aktivitør eller person med anna relevant utdanning i 100% stilling frå 1. august 2024.
Me søkjer ein person med engasjement, gode kommunikasjonsevner og fylgjande erfaring og kvalifikasjonar:
- Vere kreativ og bidra til at bebuarane i Sosialbygget får meiningsfylte dagar
- Erfaring frå eldreomsorga og fagfeltet
- Bidra til kvardagsmeistring og samspel med deltakarane
- Utarbeida aktivitetsplanar og dokumentasjon, samt føre rekneskap for aktivitetsavdelinga
- Kunne arbeida sjølvstendig og i team
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Me tilbyr:
- Varierte og aktive arbeidsdagar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk
Søknadsfrist 29.04.2024
Spørsmål vedkomande stillinga kan rettast til styreleiar Sigbjørn Hauge, tlf 957 01 529, eller aktivitør Anne Dalland, tlf 906 20 742.
Søknad vert å senda til:
Stiftelsen Sosialbygget, Miltzowsgt. 2, 5700 Voss eller på e-post: sigbjorn.hauge@domstol.no
ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på denne siden.
Om bedriften
Stiftelsen Sosialbygget har til føremål å byggja og driva aldersbustader tiltenkt pensjonistar i Voss herad. Stiftelsen Sosialbygget eig 107 pensjonisthusvære lokalisert i Miltzowsgt.2, Utrågata 13 og Hestavangen 9. Stiftelsen leiger også ut areal til merkantile leigetakarar, har ansvar for Velferdssentralen og driv aktivitørtenester for bebuarane. Omsetninga er på om lag kr 16 mill., og det er 6 tilsette i verksemda.