Miljøterapeut
Org. nr: - Stillingsident: 4164039711 Presentasjon av stillingen:
Avdeling for bu og habilitering i Volda er inndelt i 5 seksjonar. I seksjon Bømarka/Doktorhaugen har vi ledig vikariat som miljøterapeut frå 23.12.19 - 14.08.20. Stillinga har for tida todelt turnus med arbeid kvar 3 helg. I avdelinga får ein arbeide tverrfagleg og sjølvstendig med mange spanande utfordringar ilag med engasjerte medarbeidarar. Arbeidsplassen tilbyr god støtte, opplæring og rettleiing, slik at medarbeidarane skal vere trygge og kompetente til å yte tenester av høg kvalitet. Arbeidsdagane er varierte, og vi har ein arbeidsplass med takhøgde og godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
Målretta miljøarbeid
Bruk av m.a TAM (terapeutisk aggresjonsmestring)
Tilrettelegge og utføre aktivitetar både ute og inne
Medverke til gode tiltaksplanar for brukarane og følge opp desse
Samarbeide med kollega, pårørande og andre samarbeidspartnarar
Bidra til godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
Bachelor innan helse og sosialfag
Personlege eigenskapar vert vektlagde
Førarkort klasse B
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Grunnleggande IKT kunskap
Personlege eigenskapar
Du trivest godt med å arbeide saman med andre
Du er opptatt av å skape resultat og å nå dei mål som vert bestemt
Har evne til å tenke heilskapeleg og langsiktig
Har evne til å planlegge og organsiere eiga tid
Du kommuniserer godt med ulike menneske
Du tek inintiativ og ser etter nye mogelegheiter
Tek ansvar for eiga utvikling og nyttar eigne erfaringar
Du kan motivere og inspirerere
Vere ein god rollemodell for alle
Du er merksam på andre menneske sine behov og kjensler
Du har evne til å reflektere over etiske utfordringar
Har evne til å kunne stå i ulike utfordringar som arbeidet krev
Vi tilbyr
Lønn etter kommuna sine satsar
Gode forsikrings og pensjonsordningar
Eit fagleg arbeidmiljø og gode utviklingmoglegeheiter
Meiningsfulle arbeidsoppgåver
Godt arbeidsmiljø
Varierte oppgåver
Kontaktinformasjon
Oddbjørg Langøy, Avdelingsleiar bu- og habilitering, 91853604, oddbjorg.langoy@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Bømarka 8
6100 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Volda kommune
Referansenr.:4164039711
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 23.12.2019
Sluttdato: 14.08.2020
Søknadsfrist: 03.01.2020
Om bedriften
Volda kommune ligg sentralt på Sunnmøre, med sjukehus og høgskule i umiddelbar nærleik. Kvart år kjem 4000 studentar og set sitt preg på lokalsamfunnet. Kommunen har eit variert næringsliv og gode kommunikasjonar med omverda gjennom Kvivstunellen og Eiksundsambandet. Frå Ørsta/Volda lufthamn Hovden går det direkteruter til Oslo og Bergen. Lokalsamfunnet er i utvikling og kommunen har spenstige samarbeidsprosjekt med idretten og Høgskulen i Volda om ny idrettshall og nytt mediebygg. Volda og Hornindal kommune skal slå seg saman, og den nye organisasjonen skal vere på plass 1.1.2020.
I Volda kommune er det om lag 1000 dyktige og engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for kommunen sine innbyggjarar. I det daglege arbeidet vil vi vere rause, modige, kompetente og lærande. Ønskjer du ein meiningsfylt jobb med utfordrande oppgåver og gode kollegaer, er Volda kommune eit spanande alternativ.